Medlemskap - kontingent
Som dei aller fleste har fått med seg, så vart innkrevinga av medlemskontingenten til NSG sett med forfall 1/1 2016. Generellt gjekk denne omkjøringa fint, men som i alle år er det nokon som ikkje har betalt.
I går fekk alle lokallagsleiarane i Oppland Sau og Geit mail om medlemmane sine med "avvik i kontingenten" og beskjed om å kontakta desse. Mange medlemmar har sjølvsagt glømt å betala, andre har ikkje sett at fakturaen låg med i medlemsbladet før jul, andre er nye medlemmar 2016 og atter andre vil av ulike grunnar ikkje vera medlemmer meire.
Det har òg vorte sendt ut ei purring frå NSG for ei stund sidan, og Oppland Sau og Geit oppfordrar alle som ikkje har betalt om å betale snarast slik at dei beheld medlemskapet, og vi får medlemmar som i neste omgang styrkar organisasjonsapparatet vårt.
Vi har òg enda nokre med småfe, som ikkje er medlemmar hos oss. Det er viktig at alle desse vert informert om organisasjoen NSG og kva den gjer for dei, og at dei i neste omgang vil teikna seg som medlemmar.
Du som les dette kan hjelpa oss med verving, og vi minnar om at NSG kvart år gjev gaver til "supervervarar". Den beste får koma på neste års landsmøte, ta del i møtet og bli sett stas på under årsmøtemiddagen.
Dersom dere har spørsmål om noko i forhold til medlemskapet ta kontakt med dama på bilete:
Mona Skjønhaug
Kontorfullmektig
T: +47 950 96 060
E: mona.skjonhaug@nsg.no
Dere kan òg kontakta sekretær i OSG, Pål Kjorstad, sjå kontaktinfo på nettsida.