Sakliste og saker

I ope post la OSG fram dette.

I tillegg til saklista vart spørsmål om erstatningssaker i forhold til oppslag i media teke opp. FM viste til fakta i saka, og refererte til noen klageskaker i år. FM refererte også til bruk av §7 i erstatningsforskriften, som slik det er nå mest ikkje vert brukt, da krava til dei 4 punkta i §-en er svært vanskelege å oppfylla. Pål Kjorstad fekk koma med litt opplysande merknader i saka. Det vart dokumentert at det var store forskjellar i vedtaka i saker der det mangla dokumentasjon i Oppland og Hedmark. I tillegg veit vi at vedtaka i mest alle saker krev meire dokumentasjon frå år til år.

Lisensfellingskvota for ulv i sone 3 er på 6 dyr, dyr 1 er felt. Denne ulven står ikkje i rovbase for oss vanlege, men den vart påskote i Øyer 29/9 og reknes som død(?). Dette står i rovbasen i følge FMIN v/Klæbo: 

"Ulv påskutt av elgjeger. Ettersøk utført gjennom to dager med sporhundekvipasje - spora ca 8 km. Fleire leier med ein del blod i i starten, men avtagende blødning etter hvert. Lite som tyder på treff i vitale organer. Men legges inn her etter FM (Klæbo) og Miljødirektoratet (T. Bø) har blitt enige om at den trekkes på kvota - mente at siden det var et skikkelig treff med blyspiss amu på ulven vil dyret være svekket over tid med påfølgende infeksjonsfare. Politisak der politiet stod for kontroll av skuddplass og jegers papirer og våpen. Sendt inn fire DNA-prøver (blod). DNA-prøver viser at han fra Bjørnås-reviret." Ulven var ein voksen hannulv og påskote i Lillehammer kommune som sak M 496160.

I region 4 og 5 er alle 12 på kvota utanfor sona felt og innanfor sona er 2 dyr felt. I tillegg vart det i dag felt 1 dyr i Buskerud. Det er vedteke at 4 dyr utanfor sona i region 4 og 5 kan felles, sjølv om dette er påklaga. Lisenfellingsperioda er nå endra, og denne skal nå bli frå 1/12 til 31/5 i staden for 1/10-31/3 som den var. Dermed vil lisensfellingsperioda i 2019 vara til 31/5.

Av jervkvota vart 4 av 8 dyr felt i region 3, 22 av 22 dyr i region 5 og 15 av 21 dyr i region 6. Oppland har ikkje fått noko vedtak om enkeltuttak, slik som region 6 har fått, så Oppland må eventuelt venta til hiuttak kan verta aktuelt. Men da må det sjølvsagt dokumenteras nok ynglingar til å få skadefellingsløyve på slike. Nemnda har gått for ei slik prioritering i forhold til uttak av enkeltdyr, og ser vel òg på denne i forhold til hiuttak: 1. Fron Øst, 2. Tordalen/Lesjaskog og 3. Ringebu/Øyer. Det vart for ørtande gong diskutert kvifor ikkje jervkvota vert fylt og kvifor ikkje Staten tek ansvaret med å ta ut kvota.

I gaupejakta vart 6 gauper felt i Oppland, Vang(ho-unge), Skjåk(unge-påkjørt), Søndre-Land, Øyer, Øyer(unge) og Ringebu(ho). Diskusjonen gjekk her på om ein i framtida skulle forby jakt på familiegrupper/unger både i og utanfor sona, da unger var dyr utan skadepotensiale.

Bestandsregistrering av jerv: 1 yngling påvist i Kjølen/Finndalsregionen. Det er satt opp kamera i Rauddalen og Lunddalen i Skjåk og det er sporaktivitet i Lordalen, Vuludalen og i Ringebu/Øyer. SNO meiner at ein kan gå ut i frå at det er antatt 4 ynglingar av jerv i Oppland i 2019 og melder om lite snø og mykje vind i bestandregistreringa hittil.

7 av 8 rovviltnemnder har skrive ei felles uttale at dei vil at rovviltnemndene skal fortsetja som eit organ i forvaltninga av rovvilt i Norge. Nemnda i Oslo/Akershus vil leggja ned rovviltnemndene.... Aud Hove er bedd inn til eit møte m/kommuner/beitelag i Midt-Gudbrandsdalen.

Regionmøta var ulike, men aktive på kvar sin kant. Det ser ut til at dei fleste tilbakemeldingane gjekk ut på at det skulle ha vore meire tid til dialog.

Budsjettet til FKT-midlane vart vedteke. Potten i Oppland har i 2019 auka med kr. 500.000,- til kr. 5.850.000,- + drift av nemnda.

Av budsjettpostane nemner vi nokre (referat frå møtet er ikkje lagt ut enda, så dette vart berre fort nedskrive)

Tidleg sanking, Nord-Gudbrandsdalen 600.000
Kadaverhund 300.000
Prosjekter avklaring av skadevolder 700.000
Elektronisk overvaking 400.000
Planlagt tilsyn m/kadaverhund 500.000
Beredskapsareal 100.000

I tillegg er dette antageleg siste året med ulik handtering i Hedmark og Oppland, og enda så ber derfor budsjettet i Oppland preg av fellestiltak og tiltak Oppland gjer som ikkje Hedmark gjer. På nasjonalt nivå er akuttpotten sett høgare enn før, så på store skader har ein meire å gå på i 2019 enn før i forhold til midlar som overstig regionalt budsjett/rekneskap.

Revisjon eller ny forvaltningsplan for region 3. Nemnda vedtok at dei skulle levera frå seg eit dokument som syner oppdatert plan og arbeidsdokument for ny nemnd i 2020. Dette skal da vera ein revidert forvaltningsplan, som skal ut på høyring i haust og vedtas i desember 2019.

Rovviltnemnda er nå kome på ny nettside til FMIN, og alt stoff frå den førre nettsida er enda ikkje kome over på den nye, men det arbeidas med det.

Angåande SMS-varslingar som vi i Oppland synes er så flott, så er dette enda ikkje avklart for det nye fylket. Kostnadane med dette vart brukt frå budsjettet til FMOP, og dermed må det koma over på budsjettet for FMIN dersom det skal vidareførast.

Referat: Pål Kjorstad