Møtet vart helde som fyrst eit dialogmøte med den lokale saka i Midtdalen, der Frank Christiansen (god dialog i alle ledd - stor slitasje på jegere), Jan Ivar Svendstad (målretta individjakt på jerv i lisensfellingsperioda), Jonny Mathisen (ingenting som er gjort har nytta - siste dialogmøte han møtte på), John-Ludvik Dalseg (peikte på kor viktig utmarksbeiteressursen er), Eldrid Siem (Ivareta dyreeigar, størst tap i beiteprioriterte områder - bruk av plotthund) og ikkje minst Lars Ole Auglestad (sanka 700 dyr - drepte skada 50dyr - sakna sjølv 28 dyr) innleidde med tema frå sine fagfelt. Vidare vart det oppsette møte i Rovviltnemnda halde og til slutt hadde faglaga og Sau og Geit møte med beitelaga.

På møte i Rovviltnemnda vart det på bakgrunn av dialogmøtet og at det nasjonale ynglingtalet av jerv hadde auka frå 51 til 61 sidan førre vedtaket, bestemt at lisenskvota for jerv (vedteke til 15 dyr) skal takast opp til ny diskusjon på neste møte i nemnda, 19/8 2015. 

Informasjon om kostader hittil i år i samband med skadefelling i Oppland: ulv: 572.000 (siste ulven kosta 205.000), bjørn: 55.000, jerv: 230.000 og gaupe: 40.000. Nemda hadde nå fått 2 munnlege garantiar om til saman kr. 500.000 i ekstramidlar til fellingsløyver. 

2 søknader frå beitelag i Midtdalen vart vedteke slik: Garanti om lik behandling frå beitebrukarar i 6 nærliggande beitelag som dei 2 beitebrukarane som hadde fått midlar, vart avslege grunna pengemangel. Saka vart imidlertid sendt til vidarebehandling i Klima og Miljødepartementet. Søknaden om ekstrordinært utvida tilsyn i Vulufjellområdet vart vedteke ved å gje kr. 50.000 til tiltaket på deling mellom Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Det var søkt om kr. 250.000.

Forøvrig veit vi at det er gjeve fellingsløyve på tispa som har forårsaka så mykje skade.

Vidare vart det informert om bestandregistrering av gaupe, NINA i forhold til definisjon og sonering av den sør-norske jervestamma og ymse endringar i §§ i Viltlova og motorferdsel i utmark.

Tidleg i møtet sleppte Ivar Odnes nyheita om at Statsråd Sundtoft ville ha eit møte på Vinstra i morgon omlag kl. 12.00, seinare i møtet vart det òg hevda at Statråd Listhaug ville koma. Rovviltnemnda ved Ivar Odnes vart invitert og ute i møtet med beitebrukarane etter møte i nemnda fekk vi høyra at Listhaug gjerne ville møta dei 2 beitebrukarane som hadde teke ned att dyra sine. Vi kontakta Lange i Klima og Miljødepartementet, og han kunne ikkje svara på spørsmålet om agenda eller kven som var bedd. I samråd med dei 2 beitebrukarane bestemte vi oss for å takka nei til møtet. Etter møtet har det vore ein farse rundt dette. Listhaug ville ikkje møte landbruksorganisasjonane i Oppland, medan Lange og Sundtoft ville møta oss. Det siste er nå kl. 18.15 at møtet er flytta til Øyer og at ingen frå beitenæringa kjem. Imidlertid har Lange ved Klima og Miljødepartementet lova oss eit møte snart med normal innkallingsfrist.