Naturvernforbundet er ute med «saklege og faglege kommentarar» i ein GD-artikkel angåande  utspel frå Senterpartiet for å gjøre rovdyrforvaltninga meire effektiv og i tråd med intensjonane i rovdyrforliket frå 2011.

Artikkelen er kommentert m/kursiv, feit og understreka tekst under kvart avsnitt av Pål Kjorstad:

Skrekkelig forslag

- Naturvernforbundet er glade for at alle andre partier avviser Senterpartiets skrekkelige rovdyrforslag. Det skulle bare mangle om ikke Stortinget avviste de naturfjerne og rovdyrfiendtlige forslagene, sier Arnodd Håpnes som er fagleder i Naturvernforbundet.

Han mener at Senterpartiet vil ta i bruk alle midler og de verst tenkelige metoder for «å forfølge og skyte mest mulig av våre sterkt trua rovdyr».

Kommentar: Her spar Naturvernforbundet på i siste line så det held. Meininga med forslaget frå Senterpartiet er det dei fleste politikarane på Stortinget meinte med rovviltforliket: Forslaget er meint for at den tosidige målsetjinga skal verta nådd, ikkje slik det er praktisert til nå med at beitenæringa har vorte taparen i både rovvilt- og beiteprioriterte soner.

Skremmende holdning

- De viser en skremmende holdning til hvordan de ønsker at norsk natur skal forvaltes. Deres politikk er en trussel mot biologisk mangfold og i strid med norsk lov, fastslår Håpnes.

Les også: Ingen støtte til mer effektiv rovviltforvaltning

Senterpartiet har blant annet foreslått å utvide perioden for lisensfelling av bjørn og jerv og utvide perioden for kvotejakt på gaupe, samt flere tiltak som de mener vil gjøre lisens- og kvotejakt mer effektiv.

Kommentar: Ein kan likegodt seia at Naturvernforbundet òg handlar i strid med norsk lov, da dei ikkje vil forvalta men totalfreda rovviltet. Da Senterpartiet foreslår å utvide periodane for lisens- og kvotejakt er det av den grunn at ein med dagens jaktperiodar ikkje får teke ut vedtekne kvoter. Dette gjeld særleg jerv over heile landet, bjørn i beiteprioriterte områder og gaupe i nord. Til dømes vil elektronisk overvaking av jervbås vera eit godt tiltak for i det heile ha tid til å driva jervjakt, og samanfallande jakttider med reinsjakt/elgjakt vil effektivisere jakta for jerv og bjørn da jegerane likevel er på jakt.

 

100 år tilbake

Håpnes fyrer løs på alle tiltakene som partiet foreslår og mener at en Sp-styrt rov-dyrforvaltning vil føre forvaltningen 100 år tilbake til «rovdyrbekjempelsens tid».

- Det er skammelig og avdekker et natursyn som ikke er forenlig med moderne og kunnskapsbasert naturforvaltning, sier Håpnes.

Som eksempel viser han til forslaget om å jakte bjørn til 1. november når bjørnen forebereder seg eller har gått i hi. Håpnes slår fast at hijakt på bjørn ble avskaffet i 1932. Et annet forslag er å starte jervejakt mens ungene er avhengige av tispa. Det kan medføre en smertefull død for hvalpene.

Kommentar: Ja, da bestandsmåla er nådd må ein på ein eller anna måte forvalta og dermed ta ut overskytande bestand av ulike rovviltartar for å oppnå og handla etter dagens rovviltforlik på Stortinget. Håpnes og Naturvernforbundet vil nok gjerne stikka alle kjeppar dei har i hjula for å hindra dette, men i det praktiske liv må ein ty til «rovdyrbekjempelse», sjølv om dette er eit forferdeleg ord som Håpnes brukar berre for å oppnå det han er ute etter: forakt for Senterpartiet og beitenæringa i Norge. Hijakt på bjørn har ikkje og er ikkje aktuelt, mens hiuttak av jervtisper med kvalpar har vorte brukt i fleire år nå for å forvalta bestanden og utbreiinga av jerv. Alle skjønar at dette er leit, men da lisensjakta ikkje vert effektiv nok må slike tiltak gjerast. Naturvernforbundet vil heller ikkje at lisensjakt på jerv skal lykkast. At kvalpane lid ein «smertefull død», som Håpnes skriv, er sjølvsagt reint vås. Mannskapet til SNO gjev dei ei så rask og human avliving som råd er.

Bare opptatt av næring

- Men Sp mener at deres forslag nettopp vil føre til at Stortingets rovdyrforlik prakt-isseres slik det er tenkt?

- Senterpartiet er kun opptatt av næringssiden i det todelte målet med rovdyrforliket. Det vises ved at alle Sps krav er negative for rovdyr og de leter etter nye metoder for å skyte mest mulig rovdyr, blant annet bruk av jakthund i sårbare perioder for jerv og bjørn. Vi viser til at rovdyra skal forvaltes på en økologisk og bærekraftig måte og vi skal ha flere rovdyr enn det vi har i dag. Da skal ikke bestandene skytes ned, sier Håpnes.

Kommentar: Senterpartiet er oppteke av at den tosidige målsetjinga skal verta nådd, altså at beitenæringa òg kan driva si næring. Naturvernforbundet er kun oppteke av fredingsaspektet i rovviltforliket, og seier lite eller ingenting om beitedyras ved og vel, her under også beitedyr på innmark og i beiteprioriterte områder. Det er ingen tvil om at freda rovvilt i dag forvaltas på ein økologisk og berekraftig måte. Bestandane av alle slike artar har over tid ein aukande tendens. Vi skal etter rovviltforliket pr, dags dato ha meir bjørn, men ikkje av nokon av dei andre artane, der er bestandsmåla nådd.

Viltfaglig feil

Han hevder at det er urealitisk og viltfaglig feil når Sp som mål bruker lisenskvoter som er satt skyhøyt .

- Det ikke slik at alle dyrene som det er gitt lisens skal skytes. Lisenskvoten er en absolutt maksimalkvote. Dess høyere kvotene settes, dess mer urealistisk blir det å skyte hele kvoten. Flere steder er det færre dyr i naturen enn fastsatt jaktkvote, sier Håpnes.

Kommentar: Lisenskvotene er ikkje sett «skyhøye», dei er etter det eg har oppfatta til vanleg sett for lågt og baserer seg sjeldan på redusera allereie for store bestander etter bestandsmåla som er sett. Lisenkvotene tek heller ikkje innover seg auking av bestandar grunna reproduksjonstal. Da Håpnes påstår at ei lisenskvote kan vera sett høgare enn bestandstalet skjønar vi kor lite han har følgt med – veit han ikkje at alle lisenskvoter vert bestands- og rovviltfagleg vedteke av rovviltnemndene og deretter godkjent av Miljødirektoratet?

 

Stygg samrøre

Han mener også det er oppsiktsvekkende at alle Sps forslag er identiske med kravene som alle landets rovviltnemnder har foreslått tidligere i vinter.

- Her er det en stygg samrøre mellom Sp og rovviltnemdene og de har misforstått rollen som forvaltningsorgan, sier Håpnes som mener de fremmer en foreldet jaktkultur, uforenlig med normal forståelse av jakt.

Kommentar: Og her får vi svaret: Naturvernforbundet meiner at alle rovviltnemndene i heile landet ikkje gjer jobben sin. Eg minnar om at dette er høgt ansette fylkespolitikarar, som alle er godkjent av Klima- og Miljødepartementet. Desse har teke på seg å forvalta vedtekne bestandsmål av ymse rovviltartar, men Naturvernforbundet har sikkert ikkje greie på at dei òg har eit anna ansvar – dei skal òg leggja til rette for at beitebruk kan halda fram. I dette arbeidet har rovviltnemndene møtt veggen, da sentral forvaltning av freda rovvilt har konsentrert seg berre om eine delen av rovviltforliket, og gløymt at  beitebruk skal kunne drivast over heile landet

 

NOAH-reaksjoner

NOAH – for dyrs rettigheter reagerer sterkt på at forvaltningen nå har begynt å skyte rovdyr rett og slett fordi de eksisterer, uten at man mistenker at ulven har gjort noen "skade".

Det er ikke vanlig å gi fellingstillatelser basert på noe man frykter kan skje, snarere skal slike tillatelser vanligvis være knyttet opp mot konkrete bevisbare skader. Dette er et viktig prinsipp ikke bare for rovdyr, men for alle ville dyr. NOAH reagerer sterkt på at det nå i praksis er åpnet for "preventiv jakt" på ulv, heter det i en uttalelse fra organisasjonen.

- "Preventiv jakt" striden mot Viltlovens intensjon, etter NOAHs mening. Når det i tillegg skjer mot en rødlistet art, er det et hån mot Norges løfte om å sikre gode levekår for norske ulver, slik vi har forpliktet oss til gjennom Bern-konvensjonen, sier NOAH-leder Siri Martins

Kommentar: NOAH har sjølvsagt ikkje fått med seg at bestandsmålet av ulv er oppnådd i Norge for 2014. Dei har heller ikkje fått med seg at vi har sonering av ulv, for når vi da har for mykje ulv er det vel naturleg at overskytande bestand vert teke ut i beiteprioriterte områder? At dei referer til diverse konvensjonar og lover er eit kjent triks når dei ikkje kjenner meir til saka. Ser ein inn i desse er det mange spørsmål om kva Norge eigentleg har forplikta seg til. NOAH nemner heller ikkje noko om at husdyr òg faktisk lider unødvendig grunna overflødig ulv, som tråler over heile landet på leit etter nye revir. Vi har bestemt at ulven skal få reprodusera seg i ei bestemt sone, og dyr som kryssar denne grensa må takast ut. Dette er i tillegg nesten berre ulvar frå svenske revir, frå ein bestand ingen i Norge kan kontrollera. NOHA trekkjer i tvil om at nokre ulvar ikkje gjer skade. Eg kan trøysta NOHA om at alle ulvar i utmarka som ikkje finn seg mat er døde lenge før dei kjem utanom ulvesona.