Jonny Mathisen og Pål Kjorstad reiste nedover onsdag 25/09 og deltok saman med trivelege og arbeidsglade folk frå Etne Sau og Geit med å rigge opp scene m/plastrister, vegg m/4 dører, klippeplass, ullhåndteringsplass, binger for sau, binger for sauer klare til klipp, binger for utgåande og dømming av klippte sauer og rampe m/lastebilhenger for mottak av 2 slakteribilar. Vi bistod elles med arrangementstekniske og praktiske saker.

Det var stort sett klart torsdagskvelden etter at mannskapet frå Bjerkrheim hadde montert tidtaking og poengssystemet.

Etterkvart kom det meire mannskap frå Oppland: Dommarar klipping: Per Nyhus, Lars Ole Aulestad, Anders Opsahl alle frå Sør-Fron og ulldommar Terje Bakken frå Dokka. Speaker: Bjørnar Bakken frå Sør-Fron og kombinert 2. speaker og deltakar i senior klipp: Stein Timo Søreng frå Fåvang. Andre deltakarar: Mellom klipp: Erland Dalgren og Peder Skretting frå Fåvang og sist men ikkje minst Lars Sønstevoldhaugen, Fåvang i NM og åpen internasjonal klipp.

Så var meisterskapet i gang, her med mannskapet bak, som Jonny Mathisen styrde med fast hand

Erland Dahlgren i finala i mellomklassa, Guttorm Gudmestad er dommar og Lars Sønstevoldhaugen skaffar sau

Seierspall i klasse Mellom m/frå venstre Kate Donald, Skottland nr. 2, Ludvig Gulliksen nr. 1, Gudmund Håkull nr. 3 og Erland Dahlberg nr. 4.

Stemninga stod ofte i taket og spesielt her under landskampen. På stand 1 klippte Sverige, som for fyrste gong deltok, på stand 2 klippte Wales, som tapte knepent mot Norge, på stand 3 klippte New Zealand, som visstnok for fyrste gong slo Wales i landskamp og på stand 4 klippte Norge med Lars Sønstevoldhaugen og Åsmund Kringleland, som enda på 2. plass bak New Zealand, men føre Wales og Sverige

Lars Sønstevoldhaugen har nettopp starta finaleheatet, som seinare skaffe han NM-tittelen. Her med Olav Edvin Heggvold som dommar og Anna Leira, sjefen i ullhantering, som ulldame. Lars valde å starta med spælsau og låg litt bak poengmessig i starten, men tok att leiinga og vann til slutt heile greia!!!

Seierspall NM i saueklipping: Frå venstre Åsmund Kringleland, nr. 2, Lars Sønstevoldhaugen, nr. 1, Odd Kristian Håland, nr. 3 og Wilson Wyllie, nr. 4. (Skotten har vorte norsk statsborgar for nokre år sidan). Oppland Sau og Geit gratulerer Lars og dei andre deltakarane for veldig god innsats!!!

Her er alle resultata på tavla i hallen (forstørr bilete i nettlesaren), der døkk finn ut det meste heat for heat. Det er vel kjent for dei fleste, men det er spesielt at Fåvang har så flinke klippere og at Sør-Fron og Nord-Fron dekker svært viktige områder i slike arrangement. Meire frå meisterskapet finn døkk her

Takk til alle og spesiell takk til trivelege folk i Etne!!! Vi treffast att neste år i Botn, der utstyret vårt skal brukast att.