NM resultat
Oppland Sau og Geit gratulerer opplendingane med sterke og god resultat under NM i bruk av gjetarhund og NM i saueklipping 2017.
Under NM i bruk av gjetarhund kom Mali Tungen med Noah og Jan Briskeby med Torres til finale, der Jan Briskeby med Torres kom på pallen med ein 3. plass!
Under NM i saueklipping kom følgande til finaler:
Kjetil Rønn, mellom-finale fekk 4. plass
Bård Nordrum, senior-finale fekk 2. plass
I sjølve NM-finala til opplendingane 2 pallplassar:
Sindre Myhrsveen, NM-finale fekk 2. plass
Lars Sønstevoldhaugen, NM-finale fell 3. plass
Dette visar at saueklipparane frå Midt-Gudbrandsdalen og særleg da Fåvang markerte seg skikkeleg og viser at saueklipper-rekrutteringa er god i dette området. Vi rettar i dette høvet også ein stor takk til Bjørnar Bakken og Per Nyhus, som viktige aktørar i rekrutteringsarbeidet!