Norske kadaverhunder
Vi mistar kvart år mange dyr på beite. Dei fleste døyr grunna freda rovvilt, og da er det viktig å dokumentera enkelttilfelle. Oppland har gjennom arbeidet, starta av Kjell Smestad og vidareført gjennom "Norske Kadaverhunder", vorte ein av pionerane med såkalla kadaverhundekvipasjar.
Desse ekvipasjane kan snusa over og sjekka eit stort område for kadaver berre på ein dag. Vi ser på kadaverhundekvipasjane i Oppland som ein stor ressurs og nyttar høvet til å råda beitelaga om å bruka dette hjelpemiddelet oftare. Les alt om dette på den nye heimesida til Norske Kadaverhunder.