Brevet som nemnda fekk i forkant av møtet ligg her.

Møteplan for rovviltnemnda framover: 27/5-2011, 26/8-2011, 14/10-2011, 25/11 2011
I dag møtte desse: Gravdahl, Disserud, Odnes og Jøranli.

Før møtet demonstrerte Ståle Støen frå Hedmark Bonde- og Småbrukarlag og Ole Petter Berget frå Nord-Fron Bonde- og Småbrukarlag utanfor Statens Hus. Dei viste den slitsomme situasjonen fylka våre er komne opp i med informasjonsskriv og krav til rovviltforvaltninga. Dei hadde òg med kadaver av bl.a. ei bjørnedrepe søye. Seinare på dagen reiste dei til Oslo for å gjera det same utanfor Stortinget.

Møte i nemnda starta med telefonmøte m/rovviltnemnda i region 1. Ingen faste bestander/ynglingar i denne sona – nabo – redd for den nye forvaltningsplanen, som åpner for nye ynglingar mot denne regionen. Luster/Stryn. Glade for at dei kan ta opp temaet før ny sonering vert bestemt.
Nemnda i Oppland delt i soneringa. Oppland har det vanskeleg med fleire naboar rundt om m/ulike soner.
Frist for innspel til forvaltningsplanen er 7/6.

SNO m/Espen Bø møtte og orienterte:
Ny bok gjeve ut: "Drept av rovvilt?" Kan kjøpest forkr.100,- frå SNO sentralt.
Endringer på rovviltkontaktoversikta, ny rovviltkontakt Jon Petter Bergsrud, Toten/Land/Hadeland.

Gauperegistrering, 37 familiegrupper, 27 dok/7 usikre/3feil.
2 Valdres, 1 vest for Randsfjord, 1 øst for Randsfjorden, ½ deling Buskerud, sum 4 1/2 familiegrupper.

Jervregistrering, 2 dok. ynglingar og 2 som følges opp, 58 DNA-prøver. 2 forsøk på hiuttak utan å lykkast, Myssubytta og Langsua. Også brukt helikopter. 1 søk/forsøk hiuttak i Ringebu men ingen yngling dok. 1 eller 2 tisper er ikkje følgt opp nok i Reinheimen. Som privat bemerking ser det dermed ut som vi har minst 4 ynglingar av jerv i Oppland i 2011. På spørsmål om hiuttaka var avslutta svarte Bø at fristen for desse var utgått.
 
Bjørn 10 stk i 2010, 9 kjente frå før, OP1, OP2, OP3, OP6(ny), HE39, HE88, HE89, ST3, ST10, ST11.
Møkkprøver 50% positive, hårprøver 79 % positive.

4 jerver felt I lisensjakta:; Lordalen, Ringebu, Murudalen, Skjåk

11 gauper: 3 Gausdal, 2 Øyer, 1 V-Slidre, 2 Hadeland, 2 Heidal, 1 N-Fron.
1 gaupeunge m/skabb død Brandbu.

1 ulv kjørt over av toget v/Hunderfossen, men veit ikkje om den er død.
 
2011: hittil: 110 rovviltobservasjonar, 35 skader, bl.a.8 bjørn, 2 kongeørn.

Andre nyheiter:

Folder sendes som brosjyre til impliserte parter. Oppdateres og sendes til oss på mail.
Sett av i FKR-budsjettet: Skadefelling: 650.000,-, Akutte tiltak: 750.000,-

Klage på vedtak om betinga fellingsløyve på jerv og ulv for 2010 frå Naturvernforbundet vart vedteke 10/5 2011 av MD!!

Brevet frå beitenæringa i Oppland vart teke opp: DN vert bedd om at SNO fristilles til hjelp til uttak av bjørner i Oppland. Administrasjonen skal skrive brev til DN, m/kopi til MD og LMD og Stortingsbenken i Oppland. SNO v/Espen Bø repliserte: Har vi kapasitet så stiller vi opp…

Erik Solheim var på besøk: Positivt inntrykk. Saksbehandlingstid, bjørnejaktforlengelse, felles ulvestamme m/Sverige.Jørn Karlsen hadde fått tilbakemelding frå MD om at dei var godt fornøgd m/gjennomføringa.

Neste møte i nemnda: 27/6 m/høringsvara om soneringa, mål om å vedta planen i august, men tida kan bli knapp.

Kvote for betinga skadefelling m/adm. sitt forslag og nemndas vedtak:
Jerv: 2 adm – 2 nemnda (Vedteke m/dobbeltstemme av Gravdahl)
Gaupe: 2 adm – 2 nemnda
Bjørn: 3 adm – 4 nemnda
Ulv: 4 adm – 4 nemnda

Victoria Marie Kristiansen ny rovviltmedarbeidar. Ny sjef i Miljøavdelinga Vebjørn Knarrum.
Rovvilt-tlf/SMS-varsling som i før.

Mattilsynet: Dyrevelferd for beitedyr i fokus, infobrev til dyreeigarar m/store tap siste 3 årsperioda. 2-5% tap normalt, over 20 % ikkje akseptabelt. Hedmark og Oppland – 70 brukarar har fått slikt brev, burde kanskje sett på beitelag under eitt.

Kommentar frå meg:
Håper på ein god dialog med Mattilsynet, gjerne med eit fellesmøte om emnet. Ser at vi på ny er mellom barken og veden / tidleg nedsanking/innmarksbeite – utmarksbeite. Viste til at Kjersti Røhnebæk mista dyr på innmarksbeite - det hjelper ikkje lenger å ha dyra innanfor gjerde heller... Greitt at Mattilsynet er på allerten, men saknar vel ei god og praktisk løysning. Oppland har vel ingen kjent sjukdom som gjer at vi har eit så stort tap, med unntak av rovviltbestanden. Derfor ser eg ingen god løysning på dette problemet utan at rovviltbestanden vert mindre.
Eg viste òg til den forferdelege bjørnestarten vi har hatt i år og ba alle partar om at dei måtte stå på og hjelpa oss. Nemnte Elin Fossum frå Øyer som eit eksempel på at vi ikkje tør å sleppa beitedyr i Oppland grunna bjørnane som luskar i alle deler av fylket.
Nemnte òg at beitenæringa/faglaga vil prøva å koma med ei fellesuttale om soneringa/rulleringa av forvaltningsplanen, men at dette er vanskeleg stoff utan greie fasitsvar for korkje næringa eller forvaltninga.