Her er annonsa

Eige kommentar etter besøk 10/3:

Fjøset er bygd til i underkant av 600 vf, det har 2 rullande fôrbrett, plastrister i heile fjøset, drivgangar på båe langsidene og i midten. Det er delt på midten der ein kan gå opp på eit platå på høgde med øvre del av fôrbretta. Her er drivgangen av dyr ut og inn i fjøset midt på eine langveggen og vaktrom/bad på andre sida. I forlenginga nordover er det fôrsentral med fullfôrblandar og kraftfôrfordelarar. Kraftfôret kan fordelast på 3 måter: 1. Saman med anna fôr i fôrblandaren (blanda i slik at alle får det dei som får minst får). 2. Kan fordelast større kvantum til t.d. åringar/bingar med søyer m/fleire lam direkte på når det rullande fôrbrettet går. 3. Spesialfôring til enkeltdyr/bingar med bøtte frå røruttak i midten av fjøset. Elles er fjøset lafta av tømmer, og ser dermed flott ut i landskapet, og har sjølvsagt eit heilt moderne ventilasjonsanlegg, der vanleg fjøslukt er fråverande. Alt i alt kan ein ikkje få det betre i eit fjøs.