Det vart i 2016 slakta til saman 1.097.140 lam på slakteria i Norge, dette er 41.517 fleire lam enn i 2015. Men ut frå dugnaden til oss bønder og ikkje minst den bratte prisløypa vart lamma slakta tidlegera i 2016 og med mindre slaktevekt. Resultatet vart at snittvekta for slakta lam i 2016 vart 18,5 kg mot 19,2 kg i fjor. Dette utgjorde at vi "spara" salgsapparatet på landsbasis frå å selgja 767.998 kg eller 40.000 lam.

Men i rekneskapet ser vi at tross dette så utgjorde antall kg lam i 2016 likevel ein auke, men berre på 29.128 kg (2015: 20.267.962 kg og 2016: 20.297.090 kg). Auken vart da på ubetydelege 1.517 lam av 2015-storleik. Når alle ledd melder om at dei har seld meire lam i 2016 så må vi håpa at reguleringslageret nå ikkje har auka like mykje som prognosert, men er det reelt å håpa på dette? Har salget verkeleg gått opp?

Det er innhenta nokre tal frå reguleringslageret av lammekjøtt i perioda 29/9-2016 til 24/10 2016, som viser at i den største slakteperioda i 2016 vart reguleringslageret auka frå 1.382.234 kg til 1.852.634 kg. M.a.o. vart det frose inn 470.400 kg eller 25.427 lam i perioda! Dette er skremande da vi alt på bakgrunn av desse tala kan stadfesta at salget av lammekjøtt på landsbasis heller ikkje i 2016 kunne matche produksjonen vår. I tillegg kan det òg henda, og det er vel nokså stor sjanse for det, at reguleringslageret av lammekjøtt også har gått opp betydeleg frå 24/10 til nyttår.

Nei, konklusjonen er at salgsapparatet vårt sviktar. Dette er desverre dårleg nytt for alle oss sauebønder som alt i 2016 måtte betala mykje av denne rekninga med den betydelege prisnedgangen på det fantastiske produktet vårt.