Radiobjøller
Viser til tidlegare artikkel om emnet. Søknadsfristen er nå omme, og Lars Bjørke og Sidsel Røhnebæk, båe frå FM Oppland, saman med Pål Kjorstad frå OSG har i dag (16/2 2011) bestemt kven som fekk sjansen til å delta i prosjektet for 2011. Interessa for prosjektet var stort, da det kom inn 52 søknader før fristen gjekk ut, og foreløbig 1 til i dag etter at fristen gjekk ut,
Lista over dei som fekk tildelt bjøller finn du her. Brev m/informasjon er sendt til dei heldige. i dette brevet er det henvist til ei leiekontrakt som ligg her.
Det vart sjølvsagt ikkje råd å innfri alle søknadane, men vi vonar at mange likevel vart glade for at vi spreidde bjøllene såpass mykje som vi gjorde.
Prosjektsmåla er desse:
- Eigenreklame for radiobjølla, for brukarar, styresmakter.
- Utprøving av lammeenheten.
- Rovdyrrelaterte, dokumentasjon, forebyggande - rovdyrart
- Produksjonsrelaterte, beite/områdevalg, valg av dyr.
- Tilsyn/ekstraordinert tilsyn.