Utstyr er vorte kjørt rundt til Gran og Jevnaker av Sondre Imsgard og ligg hos han. På Toten er det Bjørn Even Stenberg som har det, i Nordre Land ligg det hos Hans Erling Ringvold, på Biri ligg det hos Håkon Rogne, i Valdres ligg det hos Arnfinn Beito, i Øyer ligg det hos Ole Vangen, i Fåvang hos Anton Myhrmoen, i Ringebu hos Kjell Erik Brandstadmoen, på Fron ligg det hos Pål Kjorstad, i Vågå låg det hos Anders Svare men er flytta til bensinstasjon til Ronny Smedsmo, i Lom/Skjåk er det henta av Torkjel Solbakken og ligg der, på Dovre er det levert/henta av brukarar og på Lesja er det utdeling på Lesja Næringshage 3/6 kl. 19.00.

Det har vore ei utfordring i år med at mange byter ein del radiobjøller som "ikkje fungerar". Eg ber om at dere tester utstyret godt før dere gjev opp, det er som regel i orden. Kort prosedyre for oppstart av radiobjøller:

Registrer enhet, registrer dyr(id) på enheten, still iinn på 5 min oppdatering, skru i batteri med +polen opp, legg dei ut med rette sida opp, gå på dataen på besetning/liste og følg med om dei kjem opp (hugs å oppdatera nettlesaren med jevne mellomrom - dei sprett ikkje fram som "liveoppdateringar", sjekk eventuelt dei som ikkje startar på nytt - skru ut og innatt batterilokka (hugs og bruk ein 20-kroning eller den svarte plastikknøkkelen som følger med). Da alle har starta endrar dere rapporteringsintervallet (mest brukt er 8, 12, 18 og 24 timar) til ønska tid og ventar 5 minutter til, slik at enhetene har fått teke i mot den nye beskjeden.

Med Findmysheep er det lading som må gjerast. Ladebrett er førebels utsendt eller tenkt utsendt til Roar Ringen på Toten (dette skal vidare til Håkon Rogne og Morten Bekkelund), Ole Vangen i Øyer administerer ladinga der, Jan Erik Brenden i Ringebu låner og hjelper andre der, Pål Kjorstad på Fron, på Lesja vil Endre Amundgard, Kari Selsjord og Jo Mosenden vera aktuelle namn. Med findmysheep er det sendeplanen som er utfordringa, ver nøye med denne dersom dere ikkje vel den tradisjonelle som er oppdatert i enheten - 18 timars rapporteringsintervall. Dersom dere ikkje får kontakt med ladebrettet, kontakt Pål Kjorstad. Hugs pil fram mot hovudet på søya ved montering på klaven og pil til venstre på ladebrettet. Ein kan lada på alle 5 fellt og starta/stoppa, men da må ikkje usb-enheten vera tilkobla datamaskina. Dersom usb-enheten er tilkobla kan feltet nærast strømkontaktene brukast til sendeplan/registering av enhetene, ved arbeidet rundt start nyttast dermed eit av dei 4 andre felta til dette. Lad opp til ladelampa lyser fast, oppdater eventuell sendeplan (dersom eventuell oppdatering mislykkast - trykk ladebrett på dataen - trykk oppdater og sett enheten på spesialladebrettfelltet og vent til oppdatering er ferdig), start opp enheten ved å trykka på knappen til høgre under kvart fellt til lampa lyser grønt. Sett deretter enhetene ut med tilgang til himmelen og vent og sjå om dei startar. Dt kan vera behov for omstart - gå på ladebrettet og trykk til lampa lyser raudt og trykk til den lyser grønt att.

Hugs: Ver forsiktig med alt utstyr, det er dyrt og populært. Mange vil ha fleire enheter, og derfor er det viktig at dere som har utstyr bruker det rett.

For spørsmål ta kontakt med Pål Kjorstad på mob. 99034406 eller naboar og andre i bygda som har brukt utstyret før.