Rapportering elektronisk overvaking 2019 og søknad for 2020
Da er tida inne til å rapportera for bruken av elektronisk overvakingsutstyr leigd frå Oppland Radiobjøllelag for 2019 og eventuelt søkja om leige av utstyr for 2020.
Litt forsinka legg vi nå ut dette skjemaet. Vi har gjort det enkelt som råd er for å sleppe at folk misforstår. Dersom nokon lurar på kvifor det er nødvendig med ei slik rapportering, så er det hovedsaklig på grunn av dette:
1. Vi må vita kor mange enheter som virka i 2019 og på bakgrunn av det veit vi kor mange vi må erstatta
2. Vi må vita kor mange som vil leiga og kva type dei vil ha i 2020, for å vita kor mange vi kan basere oss på å kjøpa inn tilsaman i 2020
3. Mange ønskjer å vera med vidare, nokre få sluttar mest grunna at dei sluttar med beitedyr. I tillegg vil ein del etterkvart ha relativt mange enheter, og desse må vi nå prøve å tilfredsstilla
4. FM og myndigheter får på dette viset vita om utstyret held mål, dei får vita at FKT-forskrifta bør innehalda minst det den gjer pr. i dag om dette temaet og dei får også vita at markedet for slikt er stort
Merk!!! Denne sida skal koma opp når du har sendt inn og rapporteringskjemaet SKAL da vera tomt!!!
Dersom skjemaet ikkje er tomt så blinkar det i feltet/felta som er feil eller ikkje fylt ut. Fyll inn og send på ny!
Dersom du rapporterte feil kan du redigere skjemaet på nytt eller kontakt Pål for spørsmål/info.