Rapportering/søknad elektronisk overvaking 2020/2021
Da er tida inne til å rapportera for bruken av elektronisk overvakingsutstyr leigd frå Oppland Radiobjøllelag for 2020 og søkja om leige av utstyr for 2021
Vi legg nå ut dette skjemaet. Vi har gjort det så enkelt som råd er for å sleppe at folk misforstår. Dersom nokon lurar på kvifor det er nødvendig med ei slik rapportering, så er det hovedsaklig på grunn av dette:
1. Vi må vita kor mange enheter som virka i 2020 og på bakgrunn av det veit vi kor mange vi må erstatta
2. Vi må vita kor mange som vil leiga og kva type dei vil ha i 2021, for å vita kor mange vi kan basere oss på å kjøpa inn tilsaman i 2020/21
3. Mange ønskjer å vera med vidare, nokre få sluttar mest grunna at dei sluttar med beitedyr. I tillegg vil ein del etterkvart ha relativt mange enheter, og desse må vi nå prøve å tilfredsstilla
4. FM og myndigheter får på dette viset vita om utstyret held mål, dei får vita at FKT-forskrifta bør innehalda minst det den gjer pr. i dag om dette temaet og dei får også vita at markedet for slikt er stort
Dersom det blinker i felt på skjemaet så rett opp, fyll inn og send på ny!
Dersom du rapporterte feil kan du redigere skjemaet på nytt eller kontakt Pål for spørsmål/info.
Dersom alle felt blir tomme etter at du har sendt inn, så har du rapportert riktig
Rapporteringsfrist er 1/12 2020 og søknadsfrist er 15/2 2021