Rovviltforvaltning på nyåret
Kva som skjer framover nå er svært viktig for beitesommaren som kjem. Regionmøter i regi av FM i Oppland skjer i desse dagane. Her er det viktig å møta opp for å få fersk informasjon om bl.a. FKT-midlar m/søknadsfrist 1/3.
Rovviltnemnda hadde møte den 21/1, der 4 beitebrukarar sat og overhøyrde dei folkevalde. Eg saknar ei nemnd med klare planer om året og åra som kjem. Kva med å setja seg 3 mål:
1. Behalda beitedyra minst på dagens nivå i Oppland
2. MInka tapa forårsaka av freda rovvilt i Oppland ved
a) Arbeida hardt for at ulv og bjørn i Oppland skal verta teke ut så fort som råd er.
b/ Halda bestanden av gaupe og jerv i Oppland så lågt som mogleg for å behalda forvaltningsretten av artane.
Rovviltnemnda kjem i år til å konsentrera seg om å evaluera forvaltningsplanen sin, særleg i forhold til sonering av jerv og gaupe. Dei skal halda 3 folkemøter om emnet rundt i fylket.
Saman med Ole Petter Berget i N-Fron Bonde- og Småbrukarlag leverte vi eit skriv til FM og Rovviltnemnda i etterkant av møtet. Årsmeldinga til OSG vart òg levert.
Så får vi håpa at lisensjakta på jerv, gaupe og ulv går til fordel for oss. Elles er vi nok avhengig av hiuttak på jerv og tidleg uttak av bjørn i vår.
Fleire har vist interesse for radiobjøller, så nå tek det til å bli rift om å vera med i prosjektet.