Så kom det eit rovviltforlik likevel
Gjer dere klar til å finlesa teksta i dette. No er det tida for å finkjemma korleis dette slår ut for Oppland.
Ved ein rask gjennomgang synest det som mange fagre ord, og det kan vel virka som at vi kan stoppa auken av bjørn i Oppland. Det ser likevel ut til at vi skal ha mykje bjørn i Norge også etter dette. Det står att å sjå korleis forliket skal gjennomførast i det praktiske liv.og om og kva tid DN og MD tek dei nye signala innover seg. Det vert lenger bjørnejakt, men denne vart utvida i forkant i staden for i etterkant. Det er òg åpna ein liten gløtt for utvida jakt i etterkant, men det er tvilsomt om dette kan tolkast som jakt på vårsnø.
Elles vert erstatningsordninga endra eller bestemt da konklusjonen til det nedsette utvalget kjem inn. Regjeringa og Stortinget vil da gjera vedtak om dette.
Les heile teksta i forliket her.