Sanking 2015
Vi skjønar at ein stor del av beitebrukarane i Oppland går ei sankehelg i møte. Vi nyttar dette høvet til å leggja ut nokre fine fjell og beitebilete frå Russdalen Beitelag i Vågå.
Hans Petter Vaberg har teke desse bileta av sau, fjell og eminent gjetar i Russdalen Beitelag. Vi håper at desse bileta vil minna mange om ein god beitesommar og Oppland Sau og Geit ønskjer alle som ein lykke til med sankinga i haust!!