Artikkel i GD fortel om saka.

Omlag 700 søyer og lam er nå sanka og alle er i dag kontrollert og sjekka for skader. Nokre er avliva og andre er  under ekstra ovevaking i hamning nær husa for å sjå om såra eventuelt gror. Eit grovt estimat er at omlag 10% av lamma til søyer som er attkome er sakna. Da er ikkje tapte lam i fjellet og dei avliva teke med.

Vi føler med beitebrukarane som har opplevd dette, og unnar dei betre dagar enn dette i framtida. Vi kan ikkje unnskylda nokon for det som har hendt, og stiller forvaltinga med Miljødirektoratet i spissen som ansvarleg for tragedia. Ein kan lura på kva karakter desse hadde i matematikk på skulen.

Siste: Ein jerv er i kveld observert på Kvarvet der mykje av dei nedsanka sauen går, og fellingsløyve er gjeve....