Sauedag i Vågå
Vågå Sau og Geit arrangerar sauedag i samband med kåringa 04/10 2014.
KÅRINGA:
Sauedag – Kåring av Verlam 4 okt kl.09:00 Klones. Nede ved stallen/verkstaden.
Dommare er Tore Krogsveen og Odd Steinar Granheim. –sekreteriat Toril Hårdnes og Elin Grev.
Kåringsavgift kr. 100,- pr. kåra lam.
Dei som ynsjer det får utskrive kåringsbevis på Klones.
Kl.11:30 er det gratis FÅRIKÅL for medlem i Vågå Sau og Geit som deltek på kåringa + dei som hjelper til. Fårikålen er sponsa av NORTURA og NORGESFOR. Stor takk til dei!
Kåringa startar opp att kl.12:30.
Når kåringa er over, blir det mønstring av dei beste lamma i kvar klasse. Premieutdeling blir på Saue-festen om kvelden.
Mathias Snerle klypper sau ved kåringsområdet frå kl:13:00 –dette for at besøkande på marknaden skal få sjå korleis dette blir gjort.
Under kåringa er det kaffe og biteti å få.
Samstundes med kåringa blir det haustmarknad på Klones. Marknaden er ope frå kl.12 – 17.
Sauefest laurdag 4 okt. start kl. 20:00
Vi samlast kl.20:00 og kjøper oss noko å drikke og pratar litt.
Premieutdeling kl.20:30
Sauebingo kl.21:00 Bingoblokkar a kr 100,-
Dans frå kl.22:00 Thomas Bakke spelar til dans.
Under festen vil det bli anledning til å kjøpe noko å eta av Lady C Heidi. Matservering og bar er ope til kl.01:00
Oppfordrar saueigare til å ta med gjetare og eller andre som har hjelpt til med sauen i sommar.
Alle er velkomne til ei triveleg avslutning på dette sau-året.
PROGRAM finn dere her.
Vågå Sau og Geit, Synnøve Høijord 95 20 89 21