Det er Nord-Fron Sau og Geit og Lom Sau og Geit som vil arrangera desse kursa.

Kurs nr. 1 vil foregå i Nord-Fron 14. til 16. oktober. Instruktørar er Bjørnar Bakken og Per Nyhus. Kurset er både for dei som vil starta klippekarriera si og for dei med litt erfaring frå før.

Påmelding og spørsmål til dette kurset kan rettast til Ola M. Sylte, tlf. 91 71 80 12.

Kurs  nr. 2 vil foregå i regi av Lom Sau og Geit i tidsrommet 20. - 22. oktober, og vil bli halde hos Jann Erik Dalum på Lesja med dei same instruktørane. Dette kurset er ei vidarefølging av kurset i fjor, men her kan ein òg sikkert melda seg på om ein er heilt uerfaren. Kontaktperson her er Guttorm Myhren, som kan treffast på tlf. 91 32 77 65.

Alle veit at saueklipparar er viktige for næringa vår, og vi i OSG vil ønskja kurshaldarar og kursdeltakarane lykke til desse to helgene.