Medan beitenæringa i Sogn og Fjordane har engasjert seg sterkt i saka før, så har norddølene og valdresingane kome sterkt på banen i den siste tida. Bakgrunnen er den sterke misnøya med å flytta og utvida jervesona i Oppland. Dette viste seg da rovviltnemnda tidlegare i dag besøkte norddalsbønder i samband med møte i rovviltnemnda. Visar til artikkel på gd.nett.

Det var sjølvsagt mest fokus på den nye jervesona og sett i forhold til teksta i det nye rovviltforliket. Det vart òg peikt på at dette forliket enda ikkje var ferdig i forskriftsform, og at dette burde avklarast før soneringa vart spikra. Men fleirtalet i nemnda meinte at det hadde vore ein lang, ryddig og god prosess, slik at vedtak kunne fattas. Vedtaket vart dermed at gaupesona vart utvida til å vera dagens sone + Valdres, medan jervesona vart Lom, Skjåk, Lesja, Dovre, delar av Vågå og Sel og den delen av fronsbygdene som ligg under nasjonalparken i Rondane. Vedlagt følger adminstrasjonen hos FM i Oppland sitt forslag og notat til ny sonering, som vart vedteke.