Tillitsvalde i lokallaga - Mailadresser til lokallaga
Dei fleste lokallag har nå hatt årsmøta sine, og vi ønskjer å vita kva som skjedde av valg for at vi kan informera tillitsfolka våre i lokallaga.
På årmøte på Gjøvik vart det presisert at lokallaga laut senda skjema om tillitsvalde til OSG , bl.a. for å få godtgjort kr. 500,- pr. utsending på årsmøtet. Vi legg derfor ut dette skjemaet som dere må fylla ut og senda til Ken Lunn på sekretær.oppland@sauoggeit.no eller ken.lunn@tine.no. Hugs fullstendig adresse.
Vi vil òg informera om at alle lokallag nå kan få eige mailadresse i NSG-systemet. Mailadresse og passord kan skaffast ved å kontakta Pål Kjorstad på leder.oppland@sauoggeit.no eller pkjorstad@ventelo.net. Det er òg som opplyst på regionmøter og fylkesårsmøte anledning til å starta eige heimeside i lokallaga. Informasjon om og hjelp til dette kan ordnast gjennom Pål Kjorstad.
Mailadressa til lokallaga vil sjølvsagt letta arbeidet vårt med å halda mailadresselista vår ajour.