Tilskot lammeslakt 2
Diskusjonen om tilskotet for lammeslakt og da overgangsordninga med dette held fram. Vi har fått ei uttale/brev frå Stig Runar Størdal om temaet og synes dette visar konsekvensane av det føreslegne forhandlingsvedtaket. Da han ikkje får lagt dette ut på nettet via NSG grunna feriedagane i mai, legg vi i Oppland ut dette brevet med forklarande rekneark.
Dette kan du lesa under linkane her: BREV. REKNEARK.
På same vis kan eg som redaktør av denne sida visa til min eigen ståstad: Vi har tenkt å overdra garden og produksjonen komande nyttår til ny generasjon. Resultat: Eg som gardbrukar får halvt lammetilskot på slakta mine i 2015 i juni 2016, resultat: Tap for meg på kr. 75.000,- Neste generasjon: Får halvt lammetilskot på sitt fyrste år som lammeprodusent, resultat: Tap for han på kr. 75.000,-. Er det nokon som har meiningar eller rettingar på det som Stig Runar eller eg opplever så send mail til redaktøren til pkjorstad@outlook.com.