Kva kan vi med sau gjera saman eller kvar for oss?

  • Gjera seg opp ein plan over antall dyr ein satser på å ha, og kor mykje fôr ein har og treng ekstra
  • Der ein vil oppretthalda produksjonen vil ikkje nedslakting av produksjonsdyr vera ei god løsning
  • Skaffa avtaler om kjøp av tilgjengeleg fôr, som i dei fleste tilfellene nå må gå på ledig halm til ammonisering. Men nokre plassar kan det også finnas gras i nærleiken. Det er teke ein del insiativ til alternativt strø for å frigjeva halm til fôr
  • Sikre seg at kraftfôrleverandøren får oversikt over behovet du har spesielt m.o.t. det ekstra fiberrike slaget, som kjem på markedet
  • Så kan vi og bør vi utnytta beiteretten vår spesielt i år. Ut frå prisløypa må vi sanka og slakta lamma så tidleg som råd er da denne har same utviklinga som i fjor. Men søyene kan vi sleppe ut att på alternative beiter, og her kan vi spara fôr rundt ein månad til.

Søyefôring etter sanking:

  • Sanking fyrst i september
  • Skill lamma frå søyene
  • Send slaktemodne lam og søyer som skal utrangeras på slakteriet
  • Send produksjonssøyene på beite att
  • Sank søyene da beite vert borte

Her er det sjølvsagt ulike ståstadar for mange, men dette kan vurderas:

  • Utmarksbeite i forhold til jakt, nærleik, høgde over havet. Her må både jaktforvaltninga både for storvilt og småvilt varsles - hugs at dette er eit unntaksår/kriseår. Løsningar: Utsette jakt? Varsla jegere?. I enkelte tilfeller bør og må også Mattilsynet varsles
  • Utmarksbeiter/beredskapsbeiter som allerede er inngjerda er svært greie å bruke til dette formålet. Her kan ein nå starta førebuinga til dette ved å stenge av desse, slik at det veks oppatt nok gras til hamning
  • Nokre har brukt og brukar denne metoden og dei har god erfaring med at søyer går i flokk om hausten
  • Anna utmarksbeite i nærområdet, som ikkje har vore brukt av eigne søyer kan sjølvsagt også nyttas, men her bør ein ta forbehold og eventuelt gjerda inn/setja inn tiltak for at dei ikkje dreg avgarde til/mot beiteområde dei er kjent i