Styret i OSG hadde opp denne saka under sak 60/2016 på førre styremøte og vart einige om dette:

"Spørsmål om tur i regi av OSG neste sommar, Irland, Island etc. Styret i OSG tykte dette var ein god idè, og ville koma attende til dette på neste styremøte. Det vart vedteke å leggja ut dette på heimesida, der kvar og ein kunne koma med innspel til turmål."

Så da kjære medlemmer, da overlet vi til døkk om kva tid og kvar turen skal gå! Send attendemelding til sekretær Pål Kjorstad på pkjorstad@outlook.com, helst innan 15/10 2016. Einaste kravet som vert stilt er at turen må ha noko med sau og eller geit å gjera.