Etter ei rekkje synsobservasjonar av ulv mest med base på Lesja i vår, etter at SNO både lokalt og frå leiinga i SNO-Oppland har stadfesta at det er 2 ulike ulvar i lag (1 ljos og ein mørk) på Lesja, etter avslag på fellingsløyve og anke på avslag på fellingsløyve i DN og etter avslag på fellingsløyve frå FM i Oppland den 8/6 2012 (!!!) så fekk dei fellingsløyve i Rauma og på Lesja den 15/6 etter at 6 lam vart funne drepen av ulv. 16/6 var det funne 17 skader, 9 av dei var i Lordalen. 1 hannulv vart fellt i Lordalen i gårkveld etter at den kom nedover ei li med sau og passerte ein skogsveg. Dette var den ljose ulven. FM Oppland gav samstundes nytt fellingsløyve på den andre (mørke), som jaga ein annan saueflokk kloss innpå den andre. Dette etter vitneobservasjonar av medlem i Lordalen Beitelag. Han kunne opplysa at dei hittill hadde funne over 30 døde og skadde dyr, som dei hadde avliva i dette området.

Det er tragisk at myndigheitene påførte lesjingane denne tragedia. DN referrerte til Naturmagnsfoldslova, medan FM i Oppland ikkje gav fellingsløyve før fyrste skade vart bekrefta. Oppland Sau og Geit ser med harme på dette og vil forfølgje saka i ettertid. Korleis kan ein sakbehandlar hos FM i Oppland skriva og bestemma noko slik, da vi veit at han var med i systemet rundt tragedia med ulvane i Kvam for nokre år sidan. Vi berre repeterer at ulvesona er fleirfoldige mil unna, det er sleppt sau i heile Oppland og dermed på ruta attende til ulvesona, det var 2 ulvar i lag - varsleklokkene burde ha ringt for lenge sidan...

Men i mellomtida får vi nå håpa at den andre ulven vert teken nokså fort. Men det er ikkje nok med det. Ulven på Lesjaskog/Rauma var åleine og dermed er det stor sjanse for at det er enda ein ulv i sving.

Sjå saka på GD: http://www.gd.no/nyheter/article6109967.ece