Uttale frå NSG i forhold til årets beitesesong
Etter å ha observert kva freda rovvilt har forårsaka av skader på beitedyr i årets beitesesong, vart det bestemt å senda eit uttale på førre møte i Utmarksrådet.
Fleire hendingar i beitesesongen 2015 peikar på at rovviltforliket på Stortinget er ein vits. Anten så er dette fullstendig mislykka ellers så er det som mange meinar aldri gjennomført i praksis.
1. Ulvebestanden er heilt utan kontroll og sveiper over nesten alle fylker.
2. Ulv og bjørn opptrer innanfor rovviltsikre gjerder.
3. Bestandsmålet av bjørn er altfor høgt.
4. Jervebestanden er dobbelt så stor som bestandsmålet.
5. Kongeørn er ikkje forvalta.
6. Gaupe og alle andre freda rovviltartar drep mest i beiteprioriterte områder.
7. Lokal forvalting manglar pengar til å gjennomføre heilt nødvendige tiltak.
8. Miljødirektoratet forhindrar at den tosidige målsettinga i rovviltforliket vert oppfyllt - rovviltet har forrang.