Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15 16 1718192021
22232425262728
2930     
       

Praktisk informasjon

Kven kan krevje sak for jordskifteretten?
Etter jordskifteloven § 5 kan eigar av særskilt registrert grunneigedom og nokon som har alltidvarande bruksrett kan krevje sak for jordskifteretten. Det er såleis tilstrekkelig at ein grunneigar eller rettshavar krev sak. Retten vurderer om kravet skal fremmast til behandling. Denne vurderinga blir gjort heilt uavhengig av om det er ein eller fleire som står bak kravet. Også forvaltningen o.a. kan ved ein del særtilfelle, krevje sak. Det blir i samanhengen synt til jordskifteloven § 5. Det blir gjort merksam på at det vil bli spesielle reglar med omsyn til kven som kan krevje sak når det gjeld dei nye sakstypene -  § 2 h og i.  

Korleis kreve sak for jordskifteretten?
Det mest praktiske kan vera å ta kontakt med den lokale jordskifterett (samla er det 34 jordskifterettar).  Der vil det bli gjeve nødvendige opplysningar i samband med event. krav om sak for jordskifteretten. Kravskjema og anna informasjon er og å finne på www.domstol.no/jordskifte

Prisar for sak ved jordskifteretten
Partane betaler gebyr og godtgjersle til meddommarane, målehjelp og grensemerke og eventuelt utgifter til sakkunnig hjelp. Kostnadene skal  fordelast etter den nytte partane  har hatt av saka og uavhengig av kven som har krevd saka. Den som har krevd saka, kan bli pålagd å dekke kostnadene dersom det syner seg at  kravet var grunnlaust. Gjeldande gebyr for jordskifte-, grensegangs- og rettsutgreiingssaker er:

5 gonger rettsgebyr i inngangsgebyr
+ 1,8 gonger rettsgebyr pr. part
+ 2 R pr. 0,5 km merka grense
1 R = 860 kr

For dei andre sakstypene blir det synt til jordskifteloven § 74. Retten har høve til å endre dei samla gebyrkostnadene dersom arbeidstida i saka avvik nemnande frå det vanlege. Utgifter til meddommarar utgjer samla om lag 3000 kr pr. dag retten er samla.

Meir utfyllande opplysningar
For meir utfyllande opplysningar blir det synt til www.domstol.no/jordskifte. Her vil det m.a. finnast desse opplysningane:  

  • Jordskifteloven
  • Sakstyper
  • Saksgangen
  • Saksarkiv
  • Spørsmål og svar
  • Kreve sak?
  • Organisasjonen
  • Publikasjoner
  • Til jordskifterettene
  • Adresser


« tilbake
Sist oppdatert: 05.12.2012

 

 

 
Norsk Sau og Geit nsg@nsg.no                
Org. nr.: 970 134 808
Besøksadresse Moerveien 2A               
N-1430 Ås
Postadresse Postboks 104                
N-1431 Ås
Kontakt (sentralbord) Tlf.: (+47) 23 08 47 70