Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Notater frå Årsmøte HSG - 21. - 22. Februar 2020 - Andreas Vorland

Referat Årsmøte Hordaland Sau og Geit                             Ulvik, 21 – 22. Februar

 

Fredag ettermiddag var det innlegg frå Mattilsynet og villrein forvaltinga i kring Skrantesjuka på villrein i Nordfjella.

Mattilsynet v/ Arne Oftedal

Områder i Vestland som har beiting i området – Ulvik, Eidfjord, Lærdal og Hardangervidda.

Det var 5 positive prøver på CWD i sone 1 i 2016. Det første dyret vart oppdaga tilfeldig ved radio merking av rein 2016.

Det blei gjort vedtak om uttak av heile flokken i sone 1 – dette vart ferdig til Mai 2018.

Det blei først sette opp gjerder / grinder rundt salte plassar, både med opning til sau og etter kvart heilt stengt.

Det vart gjerda 24 km langs Rv50 -52.

Gjeldande for 2020 vert søknadspliktig/ meldepliktig oppretting av nye salte plasser, desse skal vere eit stykke frå gamle plassar, og utan avrenning – dei skal også flyttast regelmessig.

Det har vore 26 positive testar på CWD men kunn dei dyra i Nordfjella hadde den smittsame typen her under 11 Rein. Det har vore 1 Hjort og 4 Elg med påvist CWD rundt om i landet og 2 Elg i Sverige.

 

Laurdag starta med innlegg frå Ordførar – Leiar i Ulvik Sau og Geit – Bondelaget – Bonde- og Småbrukarlaget og Norsk Sau og Geit

Norsk Sau og Geit v/ Else Horge Asplin frå Styret.

Else driv gard i Hallingdal med Kvit og Farga Spæl ca. 160 vinterfôra.

Ho driv og Hallingdal Lokalmat – Nedskjeringsanlegg og vidareforedling av Sau og Lam

Dei har og Butikk/Restaurant i Asker.

NSG stifta i 1947 har 18 Fylkeslag, 340 Lokallag og 10 300 Medlemmer.

NSG juster fokus og rettar arbeidsoppgåver etter fjorårets spørje undersøking, der det kom fram at fleire vil ha auka rådgiving kring Utmark/Beite – derunder Klima- og Rovdyr problematikk/ Diskusjon.

Det har blitt oppretta eit Team Ung som skal hjelpa NSG til og vera meir synlege online og på sosiale media, hjelpa til og videre utvikla NSG på nett og framsnakka Norsk Sau og Lam – både produkta og som beitenæring samt medisinering.

Me treng og driva meir open om korleis sauehaldet i Norge drivast for og få betre forståing frå forbrukar kring fordelane med Norske Råvarer laga på berekraftig måte – samt bruken av beite dyr for og halde liv i kulturlandskapet som me leve av turisme på.

Vi må vise til innovasjon og effektivisering i Landbruket men og visa til kor mykje tid det krevst og gjennomføre alt vi må gjere for og kunne levere gode resultat i så vel produksjon som med dyrevelferd.

Faktura ligg ved blad 6. i Desember og det blir sendt purring i Februar – Fakturaen ligg og tilgjengeleg på «min side» på NSG.no – Lokallagsleiar / Fylkeslagsleiar kan senda felles mail til medlemmer direkte frå min side så oppfordrar alle til og gå inn og sjå at informasjon er oppdatert.

Det er registrert 14 Raselag under NSG

Her under 2 321 medlemmar derav 1 576 er medlemmar i NSG det vil sei det er 32% av medlemmer i raselaga som ikkje er med i NSG. NSG gir tilskott til Raselaga for alle medlemmer som er med i NSG det utgjer 315.200,- kr

 

Årsmøte i Hordaland Sau og Geit

  1. Opning ved leiar: Reidar Kallestad
  2. Namneopprop: Det var 37 Lokallagsmedlemmer 5 Styremedlemmer. 42 Stemmer totalt
  3. Godkjenning av innkalling og saksliste: Godkjent
  4. Val av 2 personar til og skriva under møtebok: Martin Haugland og Odd Midtbø
  5. Årsmelding: Lese av Reidar Kallestad (Styret), Ivar Haug (Gjetar hund), Tore Atle Sørheim (Avlsutvalet), Kjetil Rødland (Styret) og Andreas Vorland (Lokal årsmelding) Årsmelding Godkjent
  6. Rekneskap: Lese ved Kjetil Rødland – Godkjent med merknad:

Det skal flyttast 5 000 frå gjetarhund kontoen og over på avlsutval kontoen, då Sog og Fjordane har betalt inn på feil konto etter samla dommarkurs i haust. Det var 105 000,- i Overskott og HSG har no 1 197 000,- kr i banken

  1. Val av leiar: Reidar Kallestad gjenvalt
  2. Val av styremedlemmer: Kjetil Rødland og Arnt Bakke gjenvalt
  3. Val av nestleiar: Kjetil Rødland gjenvalt
  4. Val av varamedlemmar til styret: Ola Steinsland gjenvalt 1.vara og Svanhild Aksnes Botnen valt ny 2. vara og Ingeborg Nervik gjenvalt 3. vara
  5. Val av møteleiar og vara 2021: Møteleiar Ove Holmås og vara Nils Inge Hitland
  6. Godtgjersle til styret: Uendra + punkt 2. :

Årsmøte ber styret leggja fram ei vurdering av korleis dette med godtgjersle har fungert. Er det andre område ein bør vri godtgjersla over på til dømes web-ansvarleg?

Føler dei med fast godtgjersle at dei må reisa på møter der dei kunne sendt andre styremedlemmer?

Styret legg denne evalueringa fram for Leiarmøte til diskusjon i 2020. der kan ein få diskusjon rundt dette så valnemnda kan komme med forslag til endringar på årsmøtet 2021.

  1. Val av valnemnd for 2021: Leiar forvalnemnda: Ivar Turøy og vara Kåre Hole

Region 1 – 2 og 4 på val 2020:

Region 1 – Vidar Åstveit og vara Arne Grindheim

Region 2 – Ivar Turøy og vara Jarle Ansgar Helland

Region 4 – Kåre Hole og vara Ole Johan Eidsnes

Region 3 – 5 – 6 – 7 val 2019 -2021

Region 3 – Andreas Vorland og vara Marius Gustavsen

Region 5 – Sigve Frøland og vara Lars Norheim

Region 6 – Ragnar I Byrkjenes og vara Inga W Rørlien

Region 7 – Olav Gullbrå og vara Jon Atle Jordalen

  1. Val at utsendingar til Landsmøte: 5 Styremedlemmar – Vara: Leiar i Avlsutval/ Leiar i Gjetarhund nemnda + dei 3 vara til styret.
  2. Organisering av Leiarmøte i framtida:

Årsmøte vil gjerne fortsette med leiar møte som det har vore siste helg i Oktober, men gjerne har meir tid til Opplæring i Organisasjonsarbeid, Valnemnd og Regionsarbeid

Det vert for framtida automatisk meldt på leiar i kvart lokallag til leiar møte, så må lokallaget sjølv avbestille eller endra namn / legge til deltakarar. Dette for at HSG skal ha nokre tal og gå etter ved bestilling av hotell. Dei siste åra har mange vert frykteleg seine med påmelding og resultert i altfor høge utgifter for HSG.

  1. Organisering av Fylkeslag/ Fylkeslaga:

Med ynskjer fortsett og behandle fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane som dei er i dag, det vil nok bli oppretta ei styrings gruppe med 2-3 personar som fungere som felles fylkeslag for Vestland på saker opp i mot myndigheitene osv.

  1. Innkomne Saker:

Punkt 2. frå Valnemnd kring godtgjersler – godkjent, styre ser på dette fram mot leiarmøte 2020

Andre vara til styret Svanhild Aksnes Botnen bør møta på styremøta grunna tenk in i styret ved neste val.

 

  1. Arbeidsplan 2020:

Styret sitt forslag lese ved Reidar Kallestad: mykje det same som i fjord + E læringskurs/ Animalia 2 kurs i Hordaland.

  1. Budsjett Avlsutval: Godkjent etter rekneskap frå 2019
  2. Budsjett Gjetarhund utval: Godkjent same som 2019
  3. Budsjett HSG: Godkjent som førelagt v/ Kjetil Rødland
  4. Jordbruksforhandlingane 2020:

HSG sender forslag til NSG etter Årsmøte

Viktige punkt: 1-50 sau: heva til 1200,- – 51-150 sau: 1000,- og 151-300 sau: 200,- og over 300: 194,-

Kvalitetstilskott lam 0+ = 500,-

Vedtatt liste på 10 punkt sendes NSG Sentralt.

 

Leiar Reidar Kallestad takka for tilliten som gjenvalt leiar og takka Karluf Håkull for det arbeidet han har gjort for HSG som sekretær med meir i 2019 også.

 

Årsmøte Slutt 16.30

 

Ref.

Andreas Vorland                                                                                                                    Vorland, 21.03.20

 
Sotra Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)