Referat styremøte Gjetarhundnemda  i Hordaland ,   Voss 04.12.2016 kl. 13.00

 

Desse møtte: Ragnhild Reisæter, Stein Dalland, Ivar Haug, Audun Seilen.

 

Sak 01 – Evaluering 2016

Nemnda er svært fornøgd med gjeterhundåret 2016. Registerer at det gror godt i fylket med brei og god aktivitet.  Fellestreninger der gode og effektive treningsmetoder vert formidla, testa og diskutert.

Fleire har tatt  store steg som hundefører, stiller på prøve med sjølvtrent hund og viser lovande takter.

Dette er gledelig, då det å utvikla gjetarhunden som arbeidsredskap er avhengig av at nok personer lærer seg å trena hund på ein god og ryddig måte.

 

Nedenfor kort oppsummert fylkets aktivitet i 2016

 

  • Utdeling av gåvepremie frå HSG til fylkesmeister  i bruk av gjeterhund. Dette vil verta ein årlig tradisjon og deles ut under festmiddagen på årsmøtet i HSG.  På årsmøtet febr 2016 fekk Stein Dalland med Jock prisen som fylkesmeister 2015.

 

  • I 2016 ynskte nemnda tilby kurs der alle på sitt nivå skulle få mulighet å løfta seg litt. Tre kurshelger er gjennomført og tilbakemeldingane me har fått viser at dette har vore gode kurs.

 

  • Kurs med dobbelthent og sortering med Jo Agnar Hansen,  Rosendal mars 2016. Kurset vart utvida til ei ekstra gruppe med Karin Mattson,  der  fokus var deling.

 

  • Kurs for dei som ynskjer starte kl 1. Marianne og Gunnar Henning var instruktører på dette kurset,  som var i Rosendal okt 2016.

 

  • Vidare vart det arrangert konkurransekurs for dei som ynskjer løfte seg mot klasse  3. Kurset vart halde i Eidfjord okt 2016,  med Kåre og Sander som  instruktører.

 

  • Tre av dommarane våre har vore på oppfølgingskurs. Stein har fullført opplæringa og er dermed fullverdig dommar.

 

  • Fylkesmeister 2016 vart Sander med Gael. Dette radarparet er på landlaget og har levert gode prestasjoner i 2016.  2.plass  i Nordisk som beste.

 

  • «NY GIV» prosjektet har gått sin gang i 2016.  Hera som kom til familien på Varaldsøy våren 2014, og som i lag med Erlend deltok i programmet «dyrevenn» på Nrk super våren 2015, er  trent videre og fungerer no som ein trygg og god gjetarhund hjå familien Øvsthus. Me vil takka familien for samarbeidet i prosjektet. Siste artikkel vil verta lagt ut på nettet jan 2017.

 

  • Gjetarhundoppvisning på matfestivalen i Bergen. Som i fjor,  inntok Stein Koengen med hund og sau og viste  Bergensere og andre skuelystne, bruk av gjeterhund.

 

  • NM 2016 vart for fylket litt for dårlig til å forsvara kvote på 9 ekvipasjer. Mista ein plass, slik at me i Trøndelag 2017  stiller med 8 ekvipasjer. Sanders finaleplass var likevel klart godkjent..

 

  • Nemdas medlemer har gjennom året deltatt på ein rekke møter i regi av fylkes eller lokallag.

 

  • Pøver som er arrangert i 2016 er: Dp kl 1 Etne, Dp kl 1-2-3 Austrheim, Dp kl 3 Etne, 2 stk Lp kl 3 Romarheim, Fm kl 3 (+ kl 1og 2) Etne, Dp kl 1–2–3 Rosendal,  Dp kl 1–2–3 Eidfjord.

 

Sak 2. Planar 2017  (Obs. Datoar brukt i referatet er foreløpige. Sjå teminlister etc,  for endelig tidspunkt)

 

  • Avslutta prosjekt gjetarhund, delta på avslutningsmøte ny giv. Ansv. Audun/ Egil
  • Delta på årsmøte Hsg Ansv. Audun
  • Uttdeling av premie til fylkesmeister 2016, på årsmøtet Hsg. Ansv. Audun
  • Storkurs Rosendal (18-19 mars) Ansv: Ragnhild
  • Vårprøve Nordhordland gjetarhundlag (2/4-16  alt 26/3) Ansv. Stein
  • Landsprøver Nordhordland gjetarhundlag (26 og 27 aug) Ansv. Stein
  • Fylkesprøve  Voss (30 sept (alt 1 okt)) Ansv. Ivar
  • Nm lag Trøndelag 8 plasser
  • Haustprøve (Osterøy 5 nov) Ansv. Audun
  • Haustprøve (evt tidlig haust) Rosendal  evt m / kurs (alt Odda evt Eidfjord)  29/10 Ansv. Audun
  • Deltaking på medlemsmøter etc Hsg
  • Fullføra sak frå 2016 vedr effekter med gj.h.logo. Ansv. Audun / Ragnhild
  • Treningssamlinger for kl 3 hunder med ambisjon om NM plass. Ansv. Audun
  • Betre informasjonsflyt mot lokallaga. Ansv. Audun

 

 

Sak 03 – Prøver 2017 Sjå foreløpig plan sak 2.  

(Dato og arrangør legges bl.a. ut på terminliste NSG innen 1 april)

For å sleppa gå å «tigga» premiar, prøver me få til slik at  om ynskjeleg kan effekter m/logo brukast.

 

Sak 04 – Uttaksregler NM 2017

Sum av tre beste / fullførte prøver. (brudd gjev ikkje poeng)

Aktuelle prøver er valgfrie Landsprøver og Fylkesprøve.  For Lp. brukes plasspoeng frå beregningsmodell LP. For FM og DP brukes beregningsmodell som starter på 1 plass = 30poeng, 2 plass =26poeng, videre 23, 20, 17, 14, 11, 8 , 7, 6, 5, 4, 3, 2 ,1.  

Om lik poengsum, vil fylkesprøve gå framom.

Plass på landslaget gir ikkje automatisk NM plass.

 

Sak 04.a.  Innspel til endring av regler for uttaksprøver:

 

Saka vart grundig diskutert.

Vedtak: Einstemmig vedtak på at ein i denne omgang ikkje ynskjer gå for dette, og inntil videre beheld gjeldende regler.  Skriftlig svar sendes forslagstiller. Ansv. Audun

 

Sak 05 – Heimesida Prøva å ta vare på stoff frå gammal heimeside og legge dette til i arkiv ny side.

Ansv: Ragnhild, Evelyn.

 

Sak 06 – Budsjett.  Budsjett lages og avklares med styret Hsg.

 

Sak 07 - Ymse:  Korleis finna rett hund? Ikkje alltid like lett å orientera seg når ein skal velja.  Nemda ynskjer hjelpa til med å formidla kontakt. Vedtak: Interesserte kontakter nemnda som videreformidler kontakt.    

 

Neste møte i nemda, mars 2016.

Gjetarhundnemda i Hsg

Audun Seilen, ref