Referat frå styremøte i Gjetarhundnemnda 18.11.2017 kl. 13.03

 

Desse møtte: Stein Dalland, Jan Tore Veland, Egil Øvstebø, Ivar Haug, Audun Seilen - invitert med og Ragnhild Reisæter.

 

Sak 1:   Gjennomgang av referat frå førre møte 04.12.2016 – godkjend.

Sak 2:   Oppsummering av årets aktivitetar i Hordaland.

  • Ny giv prosjektet vart avslutta med ei samling i Rosendal 20/6-17 i regi av HSG, der var gjetarhundnemda representert. Me sette opp kve og viste fram litt om korleis starta ein unghund. Forklarte litt om kva ein bør sjå etter og kva ein bør vera oppmerksam på.
  • Det vart arrangert kurshelg i Rosendal 18 – 19 mars 2017, 26 ekvipasjar med ulik kunnskapsgrad var påmeld. Det var litt utfordringar med gruppa for dei som ikkje hadde vore på sau før. Tilbakemeldingane var at det var for mykje biting av sauen – her må ein sjå på kva ein kan gjere for å unngå at dette skjer og samtidig få framgang på hunden. Det vart diskutert ulike alternative løysingar for å starte hund på trygg måte for både hund og sau.
  • Det har vore arrangert Landsprøve på Radøy og distriksprøvar i Austrheim, Etne, Ulvik og Osterøy.
  • Før distriktsprøven i Ulvik var det kurs for dei med ambisjon om å gå prøve, instruktørar var Martin-Andrè og Audun.
  • Fylkesmesterskapet gjekk i Myrkdalen på Voss, same bane som NM vart arrangert i 2013. Vinnar i år som i fjor vart Sander med Gael.
  • Det har vore gjetarhundoppvisning på matfestivalen i år som i fjor.
  • Det har vore arrangert treningsdag/prøve i Norheimsund 27 august for dei med ambisjonar om å komma på NM-laget. Marianne stilte opp med sau og treningsbane.
  • Fylket stilte i NM i Trøndelag med 8 ekvipasjar, krevande forhold og sau, men Audun kom som einaste frå fylket til finalen og fekk ein 13 plass

Sak 3:   Kva skjer sentralt

Audun informerte om litt av det som er oppe i Nsg sentralt ang. Gjetarhund. Det vil komme ein artikkel i neste Sau og Geit ang. Arbeidshund vs. Konkurransehund som vart diskutert litt.

Nsg ynskjer ein tre-års plan for NM-arrangørar framover.

Det blir arbeidd sentralt mot NKK for å få stamtavler bak i tid på plass.

Sak 4:   Korleis gjennomføra Fylkesmesterskapet i framtid?

Skal det arrangerast som i dag med klasse 1, 2 og 3 eller kun klasse 3 med finale med dobbelhent og sortering?

Nemnda ynskjer at det blir arrangert som i dag med klasse1,2 og 3. Der klasse 3 blir med deling og singling. Det bør vera merka dyr i klasse 3 for deling.

Sak 5:   Moglegheit for å arrangera andre store prøvar i Hordaland

Det manglar arrangør til neste års NM, kan Hordaland være aktuelle for dette ?? Det skal arrangera Nordisk Nursery i 2018 – er dette noko for Hordaland?

Det vart i etterkant av møtet beslutta at Hordaland søkjer om å få arrangere NM i 2018. Aktuelle plassar er i Myrkdalen der ein var sist evt. I Rosendal/Kvinnherad.

Sak 6:   Logo

Ragnhild sjekkar om NSG har system for bestilling etc. som me kan dra nytte av. Det blir brukt den logoen me har, men Ivar får justert litt på den. Det blir i tillegg ein liten Nsg logo på kleda.

 

Sak 7:   Aktivitetar 2018 (NB. Datoar her er foreløbige, for endelige datoar for prøve/trening         i 2018 – sjå terminlista hjå Nsg. Det vil òg bli lagt ut på heimesida vår : http://www.nsg.no/hordaland/hordaland_gjetarhundnemnd)

  • Treningshelg i Rosendal 10-11.02.2017 – klasse 3??
  • Vårprøve i Rosendal 18 mars – evt. Kurs i å gå prøve klasse 1 & 2 på laurdagen – Egil sjekkar.
  • Vårprøve 8 april evt fylkesmesterskap i Nordhordaland – Stein sjekkar.
  • Fylkesmesterskap, Odda hjå Oddmund Hildal, evt. Etne eller Nordhordaland – Stein sjekkar.
  • Prøve med kort varsel i klasse 1, dette prøver me å få til for å få fleire til å ta prøven, Audun og Stein kan begge ha slike prøvar i sommar/haust.

 

Uttaksreglar for NM blir uendra frå i fjor. Dvs. sum av tre beste / fullførte prøvar (brudd gjer ikkje poeng). Aktuelle prøvar er valfrie Landsprøvar og Fylkesprøve. For Lp brukes plasspoeng frå berekningsmodell LP. For FM og Dp brukes berekningsmodell som startar på 1 plass=30 poeng, 2 plass=26 poeng, vidare 23,2017,14,11,8,7,6,5,4,3,2,1. Om lik poengsum vil Fylkesprøven gå framom. Plass på landslaget gjer ikkje automatisk NM plass.

 

Sak 8:   Budsjett

                Ivar set opp budsjett for 2018 og sender ut til nemnda.

Sak 9:   Utdeling av vandrepokal.

                Dette ynskjer nemnda å vidareføra – det må bestillast ny vandrepokal (t.d. premiebua) – Ivar    ansvarlig.

Sak 10: Utfordring med å løfta nivå frå «gardshund» til godkjend klasse 1 prøve.

Det blir gjennomført eit godt arbeid i regionane innad i Hordaland med treningar – men det dett ifrå ein del når det kjem til å ta prøve på hunden. Det vil i 2018 bli forsøkt med Ad-hoc prøvar lokalt for dei som ynskjer det – målet er å få fleire til å ta prøven dersom det er lokale klasse 1 prøvar ( utan klasse 2 og 3).

Sak 11: Ymse

                Nemnda ber om at dommar til Fylkesmesterskapet bør komma utanfrå Hordaland Fylke.