Banner Banner Banner Banner

Referat styremøte HSG 3. des. 2019

Referat styremøte HSG 3. des. 2019

Stad: XL-Bygg på Voss

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Kato Hilleren og Oddmund Hildal. Ivar Haug møtte for Gjetarhundlaget.

Saksliste:

Sak 42/19: Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtak: Godkjent

Sak 43/19: Godkjenning av referat frå styremøte 7. okt. 2019

Vedtak: Godkjent

Sak 44/19: Oppsummering etter representantskapsmøte HSG

Gjennomgang av samlinga generelt og av saker lokallaga tok opp:

Vedtak:

  • Treg påmelding frå lokallaga
  • HSG har frist i forhold til avtale HSH har med hotell
  • Dette medførte at HSG får rekning på ubrukte rom som medfører ekstrautgifter
  • Er ikkje alle som er tilstande under innlegga i møte. Møter for seint opp eller forlèt møte før det er slutt. Dette kan bli oppfatta av innleiar som negativt og gje dårleg signal om kva HSG står for.
  • Vil utforda Fitjar Sau og Geit til og lage eit lite notat over korleis dei brukar VIPPS som betalingsverktøy. Dette notatet kan ein legga ut på heimesida til HSG.
  • Oppfølging på spørsmål frå Sveio Sau og Geit om møte (r) der tema er om tilskotsordningar i landbruket fungera og regulering av kjøtt. Karluf tar kontakt med Sveio og følger dette opp.

Sak 45/19: Referat frå representantskapsmøte i NSG 15.-17. oktober

Reidar møtte her og hadde ein gjennomgang av saker som var på dagsorden. Den aller største saka var:

Strategiplan for NSG for 5 årsperioden (2020 – 2025)

 

Sak 46/19: Julebord 2019 Voss

Planlegg program for samlinga. 79 påmeldt så langt.

Vedtak: Avtalt gardsbesøk på garden Skår i Granvin, garden foredlar "Skåramat". Setter opp minibussar for transport Voss – Skår med retur. Aller reiser med Voss Gondol for felles Julebord.

Sak 47/19: Årsmøte 2020 (stad og gjester)

HSG har fått inn pris for opphaldt til årsmøte 21. – 22. feb. 2020 frå diverse hotell.

Vedtak: HSG har takka ja til Brakanes Hotell, Ulvik. Styret arbeider med invitasjon til gjester/føredragshaldarar.

Sak 48/19: Årsmelding for 2019

Gjennomgang og fordeling av oppgåver for og få alt inn i rett tid i forhold til årsmeldinga.

Vedtak: HSG skal og ta kontakt med Bekkevolds Lyskopi om dei kan lage årsmeldinga også i år. Alt som skal vara med må vara inne til 24. januar

Sak 49/19:  Innstilling til valnemnda NSG

Post frå valnemnda i NSG der dei ber om innspel til diverse val i NSG.

Vedtak: HSG gjekk gjennom brevet frå valnemnda og har hatt kontakt med dei personane som er på val og vidaresender HSG sin innstilling til valnemnda i NSG

Sak 50/19: Innstilling til diverse sentrale råd i NSG

Vedtak: HSG har hatt kontakt med dei personane som står på val og fått tilbakemelding frå dei. HSG sender sin innstilling til valnemnda i NSG.

Sak 51/19: Jordbruksforhandlingane 2020

Reidar orienterte Styret om Jordbruksforhandlingane 2020. HSG blir kalla inn til felles møte i lag med andre organisasjonar.

Vedtak: Det er viktig at lokallaga sender inn forslag HSG eller til lokalt Bondelag eller Bonde og Småbrukarlag.  Frist for innspel 30. januar.

Sak 52/19 Status arbeidsplan/budsjett 2019

Vedtak: Denne saka er utsett til neste styremøte.

 

 

Sak 53/19 Møtegodtgjersle for tillitsvalde

Dette er sak som styremedlemmer i HSG har vert usikker på kva dei har rett på i forhold til dag- godtgjersle i forhold til Årsmøte og leiarmøte.

Vedtak: Styremedlemmer har rett på godgjersle for ein dag ved årsmøte og ingen ved dag- godtgjersle for leiarmøte.

 

 

Ref.:

KH

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no