Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2020
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415 16 17 18
1920212223 24 25
262728293031 
       

Siste publiserte artikler

Fellingsforsøk på ulv i Vest Agder.

13.07.2012 | Skrevet av Alf Torstein Pettersen

Ulven er skadegjerar i saueflokkane i Vest Agder. Det blei i dag, fredag, gitt fellingsløyve på ulven og det fylkesvise fellingslaget vil gjera forsøk på felling i morgon laurdag.

Skaden er dokumentert av SNO og ulven er også observert i området etter at skaden var skjedd. Fellingsleder Kjell Magne Larsen seier at dei reknar med at ulven framleis er i området og at laget vil gjera målretta forsøk på felling raskt fordi dei reknar med at ulven er i eit avgrensa område som gjer det enklare å lykkast med felling enn normalt. - Terrenget er avgrensa av nokre store vatn. Har vi litt flaks så kan vi lykkast med dette sjølv om det er veldig vanskelig nå på barmark, seier Larsen.

 
Fellingsløyve er gjeldande frå 13 juli og til 15 august. Sjå lenke http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=144&amid=3597118
 
Arve Aarhus, leiar av fellingslaget i Rogaland, har oppretta kontakt med laget i Vest Agder. - Dei austom oss fungerer som forvarsel for oss her vest. Vi er litt skjerma. Men det er viktig at vi har kontakt slik at vi også får beskjed om det skjer utvikling i saka som gjer at vi må vera klare i Rogaland. Vi er klare på kort varsel om det blir behov for det, avsluttar han.
 
Det har vore fleire oppslag om ulveaktivitet på Agder siste tida. Ein er usikre på om ein eller om det er fleire ulike ulvar på ferde.

 

 
Rogaland Sau og Geit Org. nr.:975 663 841
Leder: Kjell Åge Torsen 
Mob.: 97 51 28 14
E-post: kjell.torsen@lyse.net
Sekretær: Iren Vestersjø Hidle
Mob.: 41 29 93 90
E-post: iren_vesthi@hotmail.com