Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Februar 2021
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
       
       

Siste publiserte artikler

Årsmøte 2020

25.01.2021 | Skrevet av Åshild F. Øye

Innkalling til årsmøte i Hjelmeland sau og geit 2020.

Annleis-året 2020, med Covid-19 i spissen, skal oppsummerast. I år må me gjera dette med ny vri, nemleg digitalt, via Teams. Innkalling og sakliste under. Invitasjon vert sendt ut på e-post, eller du kan gå inn via denne lenka: https://teams.live.com/meet/94990894820678

Rettleiar til korleis bruke Teams: https://www.nsg.no/getfile.php/13142806-1611858588/Fylkeslag/Rogaland/Lokallag/Suldal%20Sau%20og%20Geit/PDF-filer/Oppstartsveileder%20Teams%281%29.pdf

Dersom det framleis er greitt å gå på besøk til andre når møtet skal haldast, kan de jo syta for å invitera grannen som ikkje er så "gla´i datta" bort på kake og kaffi, og vera med på møtet ilag, med god korona-venleg avstand, sjølvsagt.

Det er heilt topp om du går inn i brukaren din på www.nsg.no sine nettsider, og sjekkar at informasjonen din der stemmer. Dersom me har rett e-postadresse, er det lettare å sende ut informasjon til dykk. Til dette treng du medlemsnummeret ditt. Det finn du på fakturaen, eller du kan få det frå ein av dei i styret.

 

Innkalling og sakliste til årsmøte i Hjelmeland sau og geitealslag,

onsdag 10. februar 2021, kl. 19.30 på Teams.

 

På grunn av regjeringas restriksjonar for Covid-19 er det ikkje mogleg å arrangere tradisjonelt årsmøte i år. Me satsar på at alt er normalt til neste år.

 

Sakliste:

  1. Velkommen.

  2. Godkjenning av innkalling og sakliste.

  3. Val av møteleiar, referent, og to personar til å skriva under møteprotokollen.

  4. Årsmelding 2020.

  5. Rekneskap 2020.

  6. Val

a) Styreleiar for 1 år.

b) To styremedlem for 2 år

c) Ei utsending til årsmøtet i Hjelmeland samfunnshus og teaterlag, 1 år.

d) To utsendingar til årsmøte i Rogaland Sau og geit den 12. – 13. februar.

e) To revisorar, 1 år.

f) Eitt nytt medlem til valnemnda.

  1. Vervekampanje i Hjelmeland sau og geit, me ønskjer fleire medlem.

  2. Innmelde saker.

 

Premiering av beste vêrlam i typane NKS, farga spæl og kvit spæl.

 

Saker som skal takast opp på årsmøtet, må meldast inn til styreleiar innan 6. februar 2021.

Sven Gil Westersjø (leiar)  Telefon 928 62 410

 
NN Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)