Årsmelding 2018

Haugalandscupen (HC)er eit samarbeid mellom Haugaland Gjetarhundnemnd og Suldal. Nemnda arrangerte første og tredje runde i 2018. Første runde i HC blei gjennomført på Avaldsnes hjå Erlend Kvinnesland på Karmøy i august. Andre runde blei arrangert på Roaldskvam i Suldal i november av «gjengen frå Suldal». Siste runde blei arrangert på Ognøy hjå Erik Eikje på Bokn helga etter. Det var mykje publikum både på Avaldsnes og på Ognøy.

Norgesserien blei arrangert på Kvinnesland i Tysvær i september med mykje publikum og god stemning.

Det har i tillegg vore avhalde fleire gjetarhundprøvar i distriktet, som har gitt mange nye godkjente gjetarhundar og førarar i 2018. Alle arrangementa i år har vore kjekke og det har vore mykje god dugnadshjelp! Det har vore fleire nye publikummarar og nye deltakarar.

 

Det har vore god kursaktivitet, med kurs både Sveio, Tysvær, Vindafjord og Karmøy. Det er kjekt, og me oppfordrar alle lokallag til å ta kontakt med dei godkjente instruktørane nemnda har tilgjengeleg og arrangere fleire kurs!

 

Det blei arrangert eit kombinert medlemskveld og ekstraordinert årsmøte i juni. Der fekk me god mat og fekk besøk av Mattilsynet og Haugaland dyreklinikk som holdt innlegg. Det blei vedtatt nye vedtekter til nemnda slik at me kunne registrere oss i Brønnøysundregistrene. Dette blei endeleg godkjent etter fleire forsøk.

Me har og fått oppretta ei ny heimeside som ligg under nsg si heimeside. Me kan derfor avslutte den heimesida me har, som har kosta ein del kroner i året. Målet er at all info laget har skal leggjast ut både på heimeside og på facebook.

 

Det har vore ein del ettersendte rekningar som er eldre enn frå 2018, som har gjort at det i rekneskapsåret 2018 har blitt brukt ein del meir pengar. Me vil få til eit system der me ikkje kan godkjenne rekningar / utlegg som er frå året før.

 

Det har vore avhalde 5 styremøte, samt at enkelte tema har bli tatt opp på styret si messenger-gruppa fortløpande.

Styret i 2018 har vore;

Emilie Moi Eikje , leiar

Linda Horne, sekretær (på val)

Kenneth Tverrfjell, kasserar (på val)

Jonathan Gerrhard Håkull, styremedlem

Arild Hanesand, styremedlem

Per Sandvik, 1 vara (på val)

Ola Lilleland, 2 vara (på val)

Revisor: Ole Andreas Våge

 

Resultater Haugalandscup 2018;

Vinnar klasse 1: Jakob Markhus og Rex

Vinnar klasse 2: Leif Tveit og Cheep

Vinnar klasse 3: Erlend Kvinnesland og Zac