1. Haugalandscupen er open for alle. Deltakerar som ikkje er frå medl.området til Haugaland Gjetarhundnemnd eller Suldal er ikkje med i samandraget eller premieringa.

2. Haugalandscupen har tevling i kl. 1, kl. 2, kl. 3 og går over 3 stevne. Dei 2 beste stemna tel i samandraget.

3. Det er sett opp vandrepremie i alle klassane. For å få vandrepremien til odel og eige må den vinnast med 3 forskjellige hundar.

4. Blir der for mange påmelde reduserar ein med ein og ein hund frå dei som har flest påmelde hundar og påmeldingstidspunkt(jamf. punkt 5 - generelle bestemmelsar – reglar for gjetarhundprøvar)

5.Påmeldingspengene skal vera med på å dekka utgifter arr. har samt premiar.

6. Påmelding må skje minst 3 dagar før dagen prøven startar(dvs kl 00.00) visst ikkje anna er sagt på heimasida vår.

7. Påmeld deltakar som ikkje er tilstades når det etter startlista er hans tur, skal strykast med den hunden.

8.. Alle skal kunne delta samme hvor gammel hunden er, men er den over 3 år, er den ikkje med i sammendraget eller premiering. Dette gjeld klasse 1

9. I Haugalandscupen kan ein gå opp i klasse med hunden. Dersom ein klarar prøven kan ein ikkje gå ned att. Ein kan og starta i lågare klasse enn ein har gjort i andre prøvar.

10. Poeng for 1. plass er 25p, 2. plass 22p, 3. plass 20p, 4. plass 19p osv.1.21