Styret har hatt 5 styremøte.
Dei fleste sakene har vore planlegging og gjennomføring av utstillinga.
Det var i år 55 lam som møtte til kåring. 12 lam blei vraka.
Trond Vignes hadde beste verlam og saulam.
Solfrid Skadsem hadde beste ind.ver, Solbratt med 131 i ind.

Sjølv om Veraringen har hatt eit godt økonomisk år og seldt alle verane me hadde lov til, og vel så det, så har styret bestemt å ta inn ei paringsavgift på 20kr/para sau.
Finnøy Bondelag har støtta oss med 10.000kr.
Det blei inseminert 120 søyer i ringen .
100 doser av desse er fersk sed frå Serheim og på dei er tilslaget
77%, litt dårlegare på dei frosne, dette skulle gje eit godt utval av påsettlam til hausten.
Johan har også i år flytta verene for oss.

I Sau og Geit er medlemstalet og antal medlemmer som med frakta ulla for på veg ned, dette fører til at inntektene har minka litt.
Trond har køyrd ulla for oss til Forus.
Me har hatt to studieringar med til saman 11 medlemmer som har gått i vinter.
Aksel og Trond var på årsmøtet til rsg 23/2.
Per Sigve og Gaute har vore på leiarsamling i Ølen.

Gaute

Saker:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av møteleiar
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Innkomne saker
  6. Val

Styret

  1. Leiar: Gaute, på val
  2. Kasserar: NSG Alv, på val
  3. Kasserar: veraring, Aksel
  4. Veraringkontakt: Per Sigve, på val
  5. Skrivar: Trond
  6. 1. varamedlem: Harald
  7. Revisor NSG, Elise Lunde
  8. Revisor veraringen, Tor Inge Sakseid