Saker:
Godkjenning av innkalling
Val av møteleiar
Årsmelding
Rekneskap
Innkomne saker
Val

Styret

Leiar: Gaute, på val
Kasserar: NSG Alv, på val
Kasserar: veraring, Aksel,
Veraringkontakt: Per Sigve, på val
Skrivar: Trond,
1. varamedlem: Harald, på val

Revisor NSG, Elise Lunde, på val

Revisor veraringen, Anna Lauvsnes

Valnemd: Gudmund Vestbø på val og Solfrid Skadsem.

Årsmelding 2009

Me starta året med å avslutta all snuing av sau.
Då var det totalt 83 besetningar med restriksjonar i Finnøy kommune.
På Halsnøy var dei dei første som fekk oppheva restriksjonane
etter sanering. Deretter sanerte alle som skulle senda sau til heis.
Og til hausten fekk alle bandlagde besetningar tilbod frå
Friske Føtter om å snu igjen, gratis.
Kun nokre få besetningar har nytta seg av dette tilbodet.

For Mattilsynet er antal bandlagde besetningar eit problem.  Dei fleste bandlagde kunne vore oppheva dersom snuing og eigenmelding hadde blitt utført.  Då hadde vi sete igjen med dei som har alvorleg fotråte (i Finnøy bare nokre få besetningar) og kunne fylgt desse opp på ein langt betre måte enn dei 63 besetningane som framleis er bandlagde.

Styret har hatt 3 styremøte.
Trond var på årsmøte til RSG i mars.
I juni hadde me ein vellykka grillkveld saman med Nortura .
40 stk frå heile kommunen kom for å grilla og prata sau
ein strålande sommarkveld på Utsyn.

Per Sigve og Gaute reiste til Sola på leiarsamling i oktober.
For å få litt blest om saueklyppinga her i kommunen så arrangerte me saman med tomatfestivalen Finnøymeisterskap i saueklypping.
Takk til Øystein, Per Sigve og Lars Ove som var sporty og stilte opp.
Takk og til Reidar og Harald som var kommentatorar.
Dessverre blei det ein knepen siger til hjelmelandsbuen Dyre Nessa.

Det var i år kun 24 lam som møtte til kåring.
Aksel hadde beste verlam med 171 kåringspoeng og
beste ind.ver hadde Trond som fekk 140 i ind.

Ingen medlemmar i ringen hadde restriksjonar i haust,
derfor gjekk ringe tilbake til vanleg drift,
Men me hadde i år ingen indeksverar med godkjent ind.
Så me har brukt ein del penger på frossensed
desverre med altfor dårleg tilslag i enkeltbesetningar.
I tillegg hadde me få ind.verar å selja så me såg oss nødde for å ta inn
medlemspengea frå medlemmane.

I Sau og Geit er medlemstalet og økonomien stabil
Trond har køyrd ulla for oss til Forus.