Årsmøte i Finnøy Sau og Geit 2010 på Landbruketshus torsdag 27/1 2010 kl.19.30. Kjell Steinar Løland, avlskonsulent frå NSG, kjem.

Saker:
Godkjenning av innkalling
Val av møteleiar
Årsmelding
Rekneskap
Innkomne saker
Val
Styret
Leiar: Gaute, på val
Kasserar: NSG Alv,
Kasserar: veraring, Aksel på val
Veraringkontakt: Per Sigve,
Skrivar: Trond på val
1. varamedlem: Harald på val

Revisor NSG, Elise Lunde
Revisor veraringen, Anna Lauvsnes på val
Valnemd Gudmund Vestbø og Solfrid Skadsem på val
Årsmelding 2010

Styret har hatt 5 styremøte
Me starta året med å arrangera møte med prosjektet Sauefylket Rogaland på Utsyn. 80 stk møtte! Dette har vore eit posetivt tiltak. I sommar hadde me den årlege grillkvelden med Nortura. I år var me i naustet til Anne Lise og Egil.
Hausten gjekk med til å snu besetningar som var båndlagte grunna fotråte, -litt praktiske problem med gjennomføringa av snuinga, men reslutata vart meir oppmuntrane. Alle besetningane på Finnøy og Talgje som var båndlagt,blei oppheva.

Det blei heimekåring også i år
Det var i år 61 lam som møtte til kåring, 4 lam blei vraka. Gaute hadde beste verlam 201040681 HALL-LARS 171 poeng
Det var stor etterspurnad etter verar i haust så alle ind.verane og kåra lamma blei selde og me brukt mindre semin. Det har også bidratt til at økonomien har blitt betre sjølv om me også i år måtte krevja inn 2000kr i medlemspengar for å dekka utgiftene. Me må få fleire godkjente verar for tilskot. Her har me ennå litt å gå på ,men me er på rett veg, lammeind. er stigande.

I Sau og Geit er medlemstalet nokså stabilt. Nortura har overtatt kostnaden med transporten av ull, og me får forsatt 85 øre/kg ull som me lagrar og sender. Det bidrar til ein god økonomi i Sau og Geit.
Trond og Tor Bjarne var på leiarsamling på Sand.

Gaute