Styret har hatt 5 styremøte.

Me starta året med å arrangera møte med prosjektet Sauefylket Rogaland på Utsyn. 60 stk møtte! Dette har vore eit positivt tiltak. I vår starta me opp med lammelunsj hjå Kirsten og Tor Bjarne og det blei ein stor suksess. Sjølv om det var i den travlaste tida for sauebonden, så var det ca 100 stk innom dei fem tysdagane i april. Takk til Kirsten og Tor Bjarne for godt vertskap.

http://nsg.no/nyheter-aktuelt/lammelunsj-paa-saualoftet-article2492-1255.html

Gaute var på årsmøte til Rogaland Sau og Geit i Egersund.

I sommar hadde me den årlege grillkvelden med Nortura. I år var me i Tyskerhålene på Vignes.

http://nsg.no/nyheter-aktuelt/grillkveld-med-nortura-og-finnoey-sau-og-geit-i-tyskerhaalene-article2724-1255.html

Det blei heimekåring også i år. Det var i år 51 lam som møtte til kåring, 3 lam blei vraka. Gaute hadde beste verlam 201140059 Veton som fekk 171 p.Og beste ind.ver 201040681 Hall-lars med 135 i ind.

Det var stor etterspurnad etter verar i haust så alle ind.verane blei selde. Det har også bidratt til at økonomien har blitt betre sjølv om me også i år måtte krevja inn 2500kr i medlemspengar for å dekka utgiftene.Men då er alle semindosane betalt av ringen.

Me må få fleire godkjente verar for tilskot. Her har me ennå litt å gå på ,men me er på rett veg, lammeind. er stigande.

I Sau og Geit er medlemstalet nokså stabilt.

Nortura har overtatt kostnaden med transporten av ull, og me får forsatt 85 øre/kg ull som me lagrar og sender.

Det bidrar til ein god økonomi i Sau og Geit.

Trond og Per Sigve var på leiarsamling på Bryne Hotell

Gaute