Sau og Geit har hatt eit aktivt år med med god økonomi, først og fremst pga ullinnsamlinga. Takk til Trond, Askild og Øystein som hjelper oss med ulla.Gaute reiste på årsmøte i RSG på Karmøy i februar. På lammalunsjen blei det rekordoppmøte, må kansje takka den seine våren for det. Takk til dei som stiller med lunsj og Tor Bjarne som held hus til oss. Grillkvelden med Nortura var det litt dårleg opp møte på, kansje det og pga veret :-) Det blei gårdskåring også i år. 72 lam blei innmeldt. Her finn det statestikken http://www.saueavl.nsg.no/karingsstatistikk_list_2013.cfm I oktober hadde me info møte og del to av slaktekurset med Stian Espevoll frå Nortura. Veraringen har hatt eit år på det gjevne med fokus på avlsarbeid. Økonomisk så går det rundt men me kan ennå henta litt på å få fleire som me får tilskudd på.Salget av indeksverar går stort sett bra.Beste indeksver blei 201240580 Omar frå Aksel med 132 i indeks. Beste verlam blei 201340352 Spissen frå Gaute som fekk 169 i sum poeng og 134 i o-indeks.