Styre har i år hatt 3 styremøter. Lammalunsjen hadde 5årsjubeleum i år det blei feira med rundstykker og marsipankake frå Fiskå Mølle. Me har hatt beitkurs saman med RLF der me bl.a. har hatt fokus på beiteprøvar av gras og avføringsprøvar av lam.

Sauetalet i Finnøy er stigande i 05 var det 147 besetningar med 6336 sauer. I 2015 var det 123/8361. Same tal for Rennesøy er i 05, 129 besetningar med 10960 sauer. Og i 2015 var det 100/10549. Det viser at me same tempo så passerar med Rennesøy dei ti neste åra. I rogaland var det i 05 2872 besetningar og 175074 sau. 2015-2872/184009 sau.

Gaute var på årsmøte i RSG på Sola.

Forutan vanlege årsmøtesaker var der tema som rovdyr- fotråte – auka bruk av heiabeite. Leiaren i Norilia Ullavdeling Tony Barman orienterte om sal av ull og la sterk vekt på rett behandling  av ulla for å få best muleg pris.

Halvard Veen frå NHO snakka om betydninga av jordbruket i Rogaland, og verdien av matproduksjon. Det var og innlegg frå slakteria.

Etter fleire gode år med posetiv utvikling av prisar i jordbruksoppgjeret så kom det ein nedtur i år med omleggingja av lammatilskuddet.

Slaktesesongen blei svært bra med rekordar både på antall og kg!!

Det blei meldt inn 61 lam til kåring, 57 av dei blei kåra. Karl Andre hadde beste verlam med 168 i kåringspoeng, han hadde også beste ind.ver Melkior med  ind. 135.

Veraringen sette rekord i antall solgte ind.verar i år, 16stk!! 2015 verane har og høg gjennomsnitt ind. Dessverre så fekk me litt utfordringar med fruktbarheten til fleire av dei som førte til eindel omløp i haust. Trur me må sjå litt på oppstallinga av dei til neste år. Veraringane vil nok få fleire krav til registreringar i nær framtid.

Me klarte ikkje å stilla med folk på leiarmøte i år. Referat frå leiamøte finn de i årsmeldinga til RSG.

Finnøy sau og geit har betalt ut skotpremie på 11 revar i år.