For sau og geit har det vore eit år med dei vanlege aktivitetane, lammalunsj, innspel til jordbruksforhandlingane saman med bondelaget, utstilling, årsmøte rsg og leiarmøte. For sauabonden har det vore litt meir utfordrane med mykje nedbør og overproduksjon av lam og sauekjøtt. For overproduksjonen er det viktig på kort sikt at me alle bidrar til å redusere produksjonen silk at me tilpasser oss markedet. Så får me på lang sikt jobba for å auka salget silk at me kan produsera meir lammekjøtt i framtia. I veraringen har det vore mye positivt som har skjedd, det er tatt inn fleire registreringar og delindeksar, gs testing av alle verane (dette kjem Per Johan Lyse inn på), godt salg av verar og i år har me sett inn 21stk! Porsbaggen frå Aksel blei beste indeksver med 133 og Vatne Nisen frå Kai Petter blei beste lam i ringen. Liv Steinnes hadde beste verlam på utstillingen. Det var innmeldt 80 lam, 6 meir enn året før. https://www.saueavl.nsg.no/karingsstatistikk_list.cfm?aktuelt_aar=2017&fylkesnr=11&listetype=sted&liste=Vis+statistikk 

Takk til Alv som stillte med utstillingsplass og Kirsten og Tor Bjarne som har ansvaret for lammalunsjen.