Finnøy Sau og Geit var vertar for Årsmøte til Rogaland Sau og Geit 2017. Med 80 innveterte gjester blei det av praktiske årsaker arrangert på Sola airport hotell. Men me trur at me fekk presantert Finnøy på ein god måte med hjelp av Oddvar Vignes, Leif Arild Steen og ordførar Henrik Halleland. Tor Bjarne Flesjå og Gaute var vertar/utsendingar til årsmøte.

Lammalunsjen i april er forsatt populer og går sin gang med god hjelp av Kirsten og Tor Bjarne.

Så kom sommaren som me hadde håpa på med fint vær, kansje i mesta laget for nokon av oss tobeinte, men det såg ut til at lamma hadde klart seg godt. Trur det var ganske gode vekter på lamm sjølv om ein del av heima lamma blei slakta litt tidlegare enn normalt. Utfordringa blei vel at det også blei slakta store mengder sau tidleg i haust. Blir spennande å sjå kva det vil bety for neste sesong.

Så kom hausten med regnet akkurat når me hadde gjort oss klar for grilling av lam på tomatfestivalen, men med god hjelp av mange positive sauabønder og kokk Magne Gjerd så tur eg det gjekk bra!

Kåringsdagen blei som før delt med medlemmane i veraringen på føremiddagen hos Gaute med felles lunsj og dei andre besetningane hos Alv. Liv Steinnes hadde beste værlam og Karl Andre hadde beste indeks vær.

Kåringsstatestikk finn det her: https://www.saueavl.nsg.no/karingsstatistikk_list.cfm?aktuelt_aar=2018&fylkesnr=11&listetype=sted&liste=Vis+statistikk

I veraringen har med testa verane med genomisk seleksjon for 3. året på og salget av godkjente indeksverar går bra.  

Tor Bjarne og Gaute var på leiarmøte til Rogaland Sau og Geit 20-21/10 i Haugesund.                                                 

Styre har hatt fokus på medlemsverving og fått 9 nye medlemmer :-) men det er plass til fleire.          

Og i 2019 blir Finnøy Sau og Geit 70år!!!!