Kvelden starta med ein guida tur gjennom tyskerhålene  og området rundt, med Odd Bleie som ein kunnskapsrik og engasjert guide. 15 personar var med på denne turen.

Etterpå stilte Nortura sterkt opp med grillmat og fagfolk på sau, sal og drift av slakteriet.

-Informasjon om jordbruksoppgjeret småfe og slaktesesongen 2011 ved Ove Myklebust.

-Informasjon frå drift ved Rolf Varhaug.

-Informasjon om sal av lam ved Egil Torgersen.

-Informasjon frå regionutvalet Jæren og Ryfylke ved Siri Kvam Haugland.

Ca. 25 medlemmar frå Finnøy, Fogn, Hidle og Rennesøy setta av denne fine kvelden til grilling og saueprat, kollisjon med eit par andre arrangement gjorde at fleire ikkje kunne komma.