Jubileumsfest 25/10 2012
Det var god stemning på Landahuset då over 80 saueinteresserte samla seg for å feira livet med sauen i Finnøy.
Det var heilt fullt i andre høgda på Landahuset då vereringen inviterte til jubileumsfest og boklansering. Drøsen gjekk godt, og maten smaka fortreffeleg. Ryfylkekokken Frode Selvaag viste kva han er god for, og serverte gjestene soppsuppe med lammekarbonader, lammeskank og dessert med eple og sjokolade. Leiar Gaute Halleland leia kvelden, og kunne by på helsingar og gåver frå sponsorane, kåseri av Trond Spanne og bokpresentasjon der dei to forfattarane, Hjørdis H. Mikalsen og Trude H. Eggebø, som fortalde om skriveprosessen og las høgt frå boka.
- Me har sponsa mange prosjekt, men aldri tidlegare opplevd å bli invitert på ein flott fest som dette. Me har storkost oss heile kvelden, sa Berit Petteresen frå Fatland.
Leiar Gaute Halleland flankert av forfattarane av saueboka, Hjørdis Halleland Mikalsen (t.v) og Trude Hallerud Eggebø. Foto: Jon Asgaut Flesjå, Øyposten.