Kirsten og Tor Bjarne innviterte sauebøndene på lunsj kvar tysdag i den mest travle månaden som er for sauebøndene. Og det blei ein suksess, over 50 stk har vore innom dei 3 første gongene.

Dette er meir enn det som er normalt på eit årsmøte, så nå har mefått forslag om å leggja årsmøtet til midt i lemminga neste år:-)

Mange gode historiar, oppturar og utfordringar om kring lemming har vore aktuelle tema.
I tillegg har Ådne Undheim frå Felleskjøpet vore med og kome med aktuelle tips om foring. Dei spanderte også fôr (pizza) på sauebøndene.

Ove Myklebust frå Nortura kom  og ein gong.  Han delte erfaringar om lamming, tilvenning, kopplam m.m.