Lamminga har starta på Finnøy
Kalenderen viser januar, men på Vignes svinsar 22 lam og 10 nybakte mødrer rundt i tunet, lukkeleg uvitande om at dei er litt tidleg ute. (Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen Øyposten)
I sauehuset på Norde-Vignes svinsar 22 lam rundt beina til mødrene sine, lukkeleg uvitande om at dei eigentleg ikkje skulle vore fødde før til våren.
- Eg blei øvegjidde kan du veda, smiler bonde Trond Vignes.
Kalenderen viser januar, men likevel høyres spede lammebrek frå sauehuset til Trond Vignes på Nord- Vignes.
- Om det hadde kome eit lam eller to, hadde eg ikkje sagt noko. Men 22 lam på denne tida av året, det heng ikkje på greip, seier bonden. Kva som har skjedd er han ikkje heilt sikker på. Men fl eire av sauene hans har tydeleg vore i brunst i juli.
Og det må nødvendigvis ha vore ein vêr inne i bildet.
- Ja, det e kjekt å vera vêr på Vignes, humrar Trond.
Vanlegvis vil ikkje sauene ha noko med vêrane å gjera medan dei framleis har lam, men her har det tydelegvis vore eit unntak. Då tida var inne for paring i november, var ikkje sauene interesserte vêren.
- Då ante eg uråd, og fann ut at dei allereie var drektige, fortel han.
Julelam
Trond Vignes har 130 sauer, og ultralyd har vist at han kan venta seg 300 lam til våren. No har han altså fått 22 av desse allereie, fordelt på 10 sauer.Første lammet såg dagens lys 21.desember, derett er kom dei som perler på ei snor.
- Lamma kom i løpet av ein kort periode. Det var ganske spesielt å styra med lemming i jula, fortel Trond.
- Er dett e ei ulempe for bonden?
- Hadde dei blitt fødde om våren, ville dei gått på beite. No må dei har fôr, men det er eigentleg ikkje noko problem, seier Trond.
- Dessutan får me betre kjøtprisar på desse, skyt Unni inn.
skulle vore fødde før til våren.
- Eg blei øvegjidde kan du veda, smiler bonde Trond Vignes.
Kalenderen viser januar, men likevel høyres spede lammebrek frå sauehuset til Trond Vignes på Nord- Vignes.
- Om det hadde kome eit lam eller to, hadde eg ikkje sagt noko. Men 22 lam på denne tida av året, det heng ikkje på greip,
seier bonden. Kva som har skjedd er han ikkje heilt sikker på. Men fl eire av sauene hans har tydeleg vore i brunst i juli.
Og det må nødvendigvis ha vore ein vêr inne i bildet.
- Ja, det e kjekt å vera vêr på Vignes, humrar Trond.
Vanlegvis vil ikkje sauene ha noko med vêrane å gjera medan dei framleis har lam, men her har det tydelegvis vore eit unntak. Då tida var inne for paring i november, var ikkje sauene interesserte i vêren.
- Då ante eg uråd, og fann ut at dei allereie var drektige, fortel han.