Årsmelding for Suldal Sau og Geit  2016

 

Styre har vore:

Leiar : Sveinung Havrevoll

Nestleiar : Lars Egil Bakka

Kasserar :  Odd Kalvik

Sekretær : Per Even Tjøstheim

Styremedl. : Bjarne Østerhus

Styremedl. : Ingeborg Kårstad

 

Laget har 98 medlemer

 

Styre har hatt 2 møte og telefonkontakt ved behov.

Årsmøte for 2015 var 3. februar på Sand

Leiaren hadde før og under jordbruksforhandlingane kontakt med fylkeslaget om ymse emne som då var aktuelle –til dømes beitetilskot.

Året 2016 var eit år helst på det jamne når det gjaldt heiasending og beiteforhold. Ein våt sommar og ei frostnatt tidleg i august gjorde at heia hausta tidleg.

Her i Suldal har 178 sauebønder levert 12220 lam i 2016 –dette er ein auke på 533 lam frå året før. Kvar bonde har levert 3 lam meir enn 2015.

Gjennomsnitt slaktevekt var 17,8 kg mot 18,9 kg i 2015. Ein nedgang på 1,1 kg

Klassen hadde eit snitt på R-/ R. Litt lågare enn året før.

33% av lamma er med i sauekontrollen.

6% er villsau.

 

Regionmøte

Møte var på Hjelmeland med leiaren i RSG.

Mange emne vert teke opp i eit slikt uformelt møte, og det må ein prøva å forsetja med.

Slakterikveld

I slutten av august hadde me i samarbeid med Nortura slakterikveld, der me holdvurderte lam før slaktesesongen. Me har vel litt å gå på når det gjeld klasse på lamma frå Suldal. Vidare såg me på ymse ullfellar i lag med røynde klassifisørar.

Møgedalsmarknaden

Marknaden er svært viktig for laget, både økonomisk og for sauemiljøet.

Takk til alle som var med å gjorde dagen så vellukka, utan den dugnaden kunne ikkje sau og geit hatt grilling, som ein vil sjå av rekneskapet er det viktig for økonomien.

Kåringa

Det vart kåra 101 lam derav 6 på disp. 10 lam vert vraka.

Me er heldige som får vera inne i hallen og har det godt både folk og dyr.

Mange takk til Møgedal for velvilje.

Leiarmøte  14.-15. oktober

Leiaren var på leiarmøte i Egersund, der berre halvparten av lokallagsleiarane møtte. RSG hadde lagt opp til inspirasjonsdag med Mona Evjen i håp om å få til meir aktive lag. Lokallagstimen er bra på slike samlingar, der ein høyrer kva andre lag driv med.

Rovdyr

I haust har me fått ein situasjon me skulle vore forutan, med store jervedrap i kommunen og nærliggjande beiteområde. Leiaren har heile hausten hatt  kontakt med fylke og rovdyrnemnda i håp om at direktoratet prioriterar å ta ut dei dyra som er nødvendig, og hi viss her er.

23. november var det dialogmøte hjå fylkesmann om tap av rovdyr. Skuffande var det at mattilsynet og SNO ikkje møtte. Etter mitt syn er dette respektlaust.

No rett etter nyttår hadde leiarane i sau og geit og bondelaget eit møte med ordførar, bygdeutviklingsjef og frå rådmannen. Det vart då sendt eit brev til direktoratet underskrevne av ordførarane i Suldal, Hjelmeland, Bykle og Odda, der ein forventar at desse dyra vert tekne ut i regi av SNO snarast og seinast i god tid før beiteslepp. Eg vil gje ros til kommunen for deira hjelp i ein så alvorleg situasjon for sauenæringa. Ein av våre medlemer har mista over 50 dyr. Dette kan ikkje forsetja.

Revapremie

Laget har betalt ut premie på 74 revar

Det er og søkt fylke om midlar.

Ullinnsamling

Laget har som vanleg organisert ullinnsamling vår og haust. Takk for den dugnad for laget grendamennene gjer, eit stort bidrag til økonomien til laget. Ynskje frå slakteria er at all ull skal hentast hjå grendamennene.

Heimesida

Det har vore lite liv på den. Hadde vore fint om fleire kunne bidrege med noko feks. bilder. E-post til suldal.lokallag@sauoggeit.no

Eg vil til slutt få takka styre for godt samarbeid, og alle dykk som på ymse vis har stilt opp for laget både på dugnad og kurs.

For styre i Suldal sau og geit.

 

Sveinung Havrevoll

 

Utskriftvenleg versjon av årsmeldinga