Årsmelding 2015

Styre har vore

Leiar : Sveinung Havrevoll

Nestleiar : Lars Egil Bakka

Kasserar : Odd Kalvik

Sekretær : Geir Vela

Styremedlem : Per Even Tjøstheim

Styremedlem : Bjarne Østerhus

 

Laget har 101 medlemer

Styre har hatt 3 møte og telefon kontakt ved behov.

 

Leiaren var i kontakt med fylkeslag og bondelag sentralt før og under jordbruksforhandlingane med påtrykk om å behalda kvalitetstillegget på lam. Dette vart likevel halvert tross press frå heile landet. Staten sparte 478 millionar på dette.

Lars Egil og Sveinung var på årsmøte i fylkeslaget på Sola.

Forutan vanlege årsmøtesaker var der tema som rovdyr- fotråte – auka bruk av heiabeite. Leiaren i Norilia Ullavdeling Tony Barman orienterte om sal av ull og la sterk vekt på rett behandling  av ulla for å få best muleg pris.

Halvard Veen frå NHO snakka om betydninga av jordbruket i Rogaland, og verdien av matproduksjon. Det var og innlegg frå slakteria.

Som me alt for godt hugsar var det eit svært krevjande år for sauenæringa. Kald og sur vår og sommar og sein  beiteslepp både heime og i heio, likevel vert lamma betre enn nokon gong. I 2015 vart det slakta 11687 lam frå Suldal med ei snittvekt på 18.9 kg, dette er 0.4 kg meir enn året før og 753 fleire lam til slakt .På landsplan er det slakta 47000  fleire lam enn i 2014. Den store auken gjer grunn til uro for ein overproduksjon, endå er heller ikkje alle nye store sauehus i full drift.

I Suldal har 178 bønder levert slakt, 3 færre enn året for. Medlemstalet i laget burde kanskje vore høgare.

 

Jøsenfjorden sau og geit

Leiaren har vore i kontakt med sau og geit laget i Jøsenfjorden om muleg overgang til Suldal sau og geit. Dette er endå ikkje avklart , men me har invitert dei til årsmøte.

Møgedalsmaknaden

Som tidlegare år hadde laget ansvar for grilling og sal av mat under marknaden. Dette vart svært vellukka  og visar att på økonomien til laget. Stor takk til dei i styre som hadde ansvar for dette , og ikkje minst til alle dokken som stilte opp på dugnad og gjorde at det vart så vellukka.

Kåring

85 lam var innmeldt til kåring, 30 lam færre enn  året før. Lamma var svært gode etter ein god beitesommar. 2 lam vert vraka. I år vart det ikkje utdelt sløyfer på lam over 35 dommarpoeng. Det var ein del reaksjonar på det.

Samarbeid

Laget vil takka for samarbeidet med Møgedal sine folk, det er ein sers god plass .å vera under kåringa. I år hadde me og  besøk av Sau og Geit som laga ein reportasje om 30 år med Møgedalsmarknad.

Leiarmøte

Leiarmøte i år var i Haugesund, Leiaren møtte.

Av fleire emne hadde Ingve Rekdal foredrag om fjellbeite, den fremste eksperten me har i dag på bruk av utmarka til beiting,

Leiaren i avlsrådet, Per Johan Lyse, orienterte om kåringsjåa og forslag til nye kåringsreglar.

Olav Håvarsholm la fram økonomien i kopplamproduksjon.

Klyppekurs

7. november hadde me oppfølgings kurs på klyppekurset me hadde i fjor,8 deltakarar var med. Halvard Stokkedal var instruktør.

Slaktekurs

I samarbeid med Møgedal hadde me slaktekurs, Stian Espedal var instruktør. Det var stor interesse med 44 deltakarar.

Ullinnsamling

Laget har organisert ullinnsamling vår og haust. Takk til grendamennene som gjer arbeidet, dette er eit stort bidrag til økonomien i laget.

Revapremie

Det er utbetalt premi på 149 revar.

Laget har og søkt fylke om pengar.

Heimesida

Me prøvar å halda liv i denne, men hadde vore fint om fleire kunne senda inn tips på saker. Dette kan gjerast på e-post til suldal.lokallag@sauoggeit.no.

 

Eg  vil til slutt få takka styre for svært godt samarbeid, og alle dei som på ymse vis har stilt opp for laget både dugnad og kurs.

For styre i Suldal sau og geit

 

Sveinung Havrevoll

 

Utskrifsvenleg versjon av Årsmeldinga